Kystpilegrimsleia opnar

I juni månad vart mellomalderen si seglingslei langs kysten, Kystpilegrimsleia, opna. Tradisjonsbåten R/S Risør II siglde frå Eigersund i sør til Nidaros i nord. Undervegs var det markeringar fleire stader i Bjørgvin. Den 8. juli markerer H.M. Dronninga opninga på Selja.

Risør II, ei restaurert Colin Archer redningsskøyte, har tatt pilegrimar med langs kystpilegrimsleia. Foto: Rune Nylund Larsen.

Riksantikvaren, fylkeskommunar og fire bispedøme har stått saman i arbeidet med leia, som no er godkjend som nasjonal pilegrimsveg og del av dei europeiske kulturvegane.  Alle interesserte, kystfolk, kyrkjefolk og alt godtfolk har vore inviterte til å delta på den store festen langs den vakre Vestlandskysten.

Det har vore eigne markeringar her:

Moster – tirsdag 5. juni

10:00 Anløp Mosterhamn

  • Velkommen til Moster v/lurblåsarar og personalet i Moster Amfi
  • Omvising i Moster gamle kyrkje
  • Omvising i Moster Amfi  
  • Vandring - gjennom bergverksutstillinga «Steinriket Bømlo»  og vidare gjennom tunnelane til Olavskjelda. Vandring tilbake til Moster Amfi
  • Uteamfiet -  Historia om Moster Amfi  

Halsnøy Kloster – onsdag 6. juni

«Halsnøy kloster –  kulturelt, økonomisk, religiøst og kunnskapssenter i Sunnhordland og på Vestlandet».  Føredrag ved professor Jørn Øyrehagen Sunde

Deretter blir det servering av betasuppe, kake og kaffi. Det vert også kulturinnslag med songarar som framfører katolske hymner.

Bergen - laurdag 9. juni

09:15 Avgang frå Strusshamn – samsegling med båtar frå Askøy Kystlag

10:00 «Enigheden» går frå Sukkerhusbryggen til Vågen med politisk representant frå Hordaland fylkeskommune og biskop frå Bjørgvin om bord

10:15 Tilslutning mellom «Enigheden», «Risør» og kortesje for innkomst til Vågen

11.05 Høgtidelig opning av Torgdagen i Bergen v/Harald Stanghelle

  • Pilegrimsleia vert markert med talar frå Hordaland fylkeskommune, biskop Halvor Nordhaug og Bergen kommune. Kulturelt innslag.

14:00 Omvising Bryggen

15:15: Mariakirken Orientering om restaureringsprosess + pilegrimsliturgi

Litlebergen

Møte utanfor Litlebergen, rett ved Håøyna (Flatøy i Meland) med skøyta ”Sunniva”, som er bygd etter same teikning som Risør ll. Om bord speler korpset Skala. 

Kinn/Kinnaspelet - laurdag 16. juni kl. 16:30

14.30  Avgang med rutebåt for Kinn frå Florø

16.15 Opning av Kystpilegrimsleia ved fylkesordførar Jenny Følling

16.30 Kinnaspelet

 Tale ved prost, og kystpilegrims-tidebønn i kirken

                        19.30 Retur med rutebåt til Florø

Selja kloster – sundag 8. juli kl. 11:30

Bøner

Det er skrive eigne bøner til kvart stopp i Bjørgvin, Halsnøy, Moster, Bergen, Kinn og Selja. Dei skal ligge i skipskista som følgjer båten til Nidaros. Sjå bønene via lenke nedst på sida.

KVA ER KYSTPILEGRIMSLEIA?

  • Kystpilegrimsleia er eit samarbeidsprosjekt mellom fem fylkeskommunar og fire bispedøme,
    frå Rogaland i sør, til pilegrimsmålet Nidaros (Trondheim) i nord og Riksantikvaren.


  • Målet med Kystpilegrimsleia er å ta opp att og bruke mellomalderen si seglingslei frå Stavanger til Trondheim som eit miljøvenleg og berekraftig reiselivsprodukt. Langs heile kystleia finn vi kyrkjer og heilagstader, spor etter den tidlege kristninga av landet, kongsgardar og tingstadar, gamle handelstadar og fyrstasjonar, i tett sameksistens med dagens kystsamfunn.

  • Det er dette som no er samla til eit nytt reiselivsprodukt med både innhald og meining. Kystpilegrimsleia vart godkjent som ein av St. Olavsvegane til Trondheim i desember 2017. Opninga skal markerast langs heile leia i juni 2018, mellom anna med ein siglas frå Stavanger til Trondheim.
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"