Ikkje lenger krav om munnbind og avstand

Frå kl. 10.00 den 12. februar har regjeringa fjerna alle forskriftsfesta tiltak mot covid-19, inkludert krav om munnbind, ein meter avstand og plikt til isolasjon ved sjukdom. Difor har også Den norske kyrkja avvikla sin smittevernrettleiar. Som alltid, skal ein ta omsyn til kvarandre. Det er sjølvsagt lov å bruka munnbind og å halda ein viss avstand for dei som ønskjer det.

Kyrkjene og samfunnet elles har no opna opp. Grunnleggjande hygiene som handvask er framleis eit godt råd.

Gjeldande retningslinjer og råd frå regjeringa

  • Praktiser god hand- og hostehygiene
  • Følg koronavaksinasjonsprogrammet
  • Test deg når du har symptom. Born i barnehagealder og skuleelever er unnatekne. Det er ikkje lenger nødvendig å testa seg dersom ein ikkje har symptom, sjølv om ein har nærkontaktar som er smitta.
  • Hald deg heime ved nyoppståtte luftvegssymptom dersom du føler deg sjuk. Du bør bli heime til formen er god, og du har vore feberfri i 24 timar.
  • Ved positiv covid-test, hald deg heime i fire dagar frå symptomstart eller frå dagen for positiv test for dei  uten symptom. Born i barnehagealder og skulelelvar er unnateke testing, men blir rådd til å halda seg heime dersom dei er sjuke.

Les oppdatert informasjon frå Den norske kyrkja ved å klikka på lenka nedst på sida.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"