Stiftsdagane 2022 - program

Velkomen til alle som er påmeldt Stiftsdagar for alle kyrkjeleg tilsette 8.- 9. juni 2022. Her finn de oppdatert program.

Vi ventar over 400 deltakarar på Stiftsdagane 2022. Foto frå stiftsdagane i 2017.

Program

Onsdag 8. juni

Les meir om dei medverkande her

09.30 Registrering

10.00 Konferansesalen opnar

10.30  Opningsshow

11.30  Lunsj    

13.00  Det gode samspelet v/Carl Størmer og Jazzcode

Pause  (Stillerom er ope heile onsdagen)

15.15  Frivillige si makt og avmakt v/Henrik E. Refshauge

Pause

16.15  Ei relasjonell gudsteneste

17.00  "Mellomrommet" - Sosialt//stands//innsjekk mm.

18.30 Middag for alle 

20.00 Konsert med Jazzcode 

Torsdag 9. juni

08.45  Morgonbøn  

09.00 Våge - Tru - Bevege.  Innslag og føredrag ved Irene Kanunda Afriyie, Sunniva Gylver og Halvor Nordhaug

11.15  Lunsj 

12.30 Seminar

Seminar 1 (kl. 12.30 – rom 1) 

“Time to say goodbye - privat seremoni eller kyrkjeleg handling?”  

Domkantor Sigurd Melvær Øgaard inviterer biskop Halvor Nordhaug og bransjedirektør i Virke gravferd, Gunnar Hammersmark, til samtale om utfordringar og kva som er mogeleg i dialogen mellom pårørande, kyrkje og gravferdsbyrå. Moderator: domkantor Kjetil Almenning 

 

Seminar 2 (kl. 12.30 – rom 2) 

Korleis kan vi nytte Bibelen som bønebok?  

William Grosås, kapellan i Birkeland, har over fleire arbeidd med bl.a. tidebøn-skatten, med røter tilbake til den aller tidlegaste kyrkja. William Grosås sit bl.a. i leiarskapen i Ekumeniska Kommuniteten Bjärka Säby som er kjent for eit rikt liturgisk liv. 

 

Seminar 3  (kl. 12.30 – rom 3) 

Møt barne- og ungdomsorganisasjonane i kyrkja – kva kan dei tilby born? 

Bli inspirert av “tips & tricks” frå barne – og ungdomsorganisasjonane Acta, NLM-ung, Ung kirkesang og Søndagsskolen. 

 

Seminar 4  (kl. 12.30 – rom 4) 

“Våge, tru og bevege - eit nylaga verktøy i arbeidet med frivillige" 

Eit breitt samansett utval frå heile bispedømet har arbeidd med eit nytt hefte som har mange gode verktøy for å ta vare på og utvikla det frivillige i kyrkja vår.   
Med nokre av dei som har bidrege i arbeidet med nytt hefte: Dag Olav Bjorøy, leiar i fellesrådet i Øygarden, Hildur Løkken Lillestøl, tidl. kateket i Os og Vetle Karlsen Eide, seniorrådgjevar diakoni og samfunn 

 

Seminar 5  (kl. 12.30 – rom 5) 

Samspel og leiing 

I kyrkja leier vi saman, difor er vi avhengige av at alle har kompetanse i teamarbeid. Vi byggjer vidare på føredraget til Carl Størmer/Jazzcode og set lys på nokre sentrale omgrep frå moderne leiingsteori.  

Seminarleiarar: kyrkjeverje i Bergen kyrkjelege fellesråd og mangeårig toppleiar i Bergen kommune, Mette Svanes og domprost Gudmund Waaler som også har førelest i 11 år i leiing på Sjøkrigsskolen og NLA. 

 

Seminar 6  (kl. 13.25 – rom 1) 

Tru utan religiøsitet - kristendom for andeleg tonedøve 
Kan ein tru utan å vere så “andeleg”? Ja, er ei tru som ikkje gjev religiøse eller andelege erfaringar også ei tru? Møt Åste Dokka, teolog, forfattar og kommentator i Vårt Land. Ho har arbeidd med samanhengen mellom livet og den vanskelege trua.   

 

Sideskift 

Seminar 7  (kl. 13.25 – rom 2) 

"Listening - for heaven's sake!"  

Personalprest og vegleiar Bård Haukedal i Bjørgvin bispedøme har i fleire år møtt og lytta til menneske i ulike livssituasjonar, både i sorg og i glede. Han har og skrive ei oppgåve kor lytting er eit hovudtema. Kva for lærdom tar han med seg om korleis ein møter ulike menneske? Kva for haldningar og handlingar bør prege oss når vi møter så ulike menneske som vi gjer i vårt arbeid – enten det er ute på kyrkjegarden, i kyrkjerommet, på kyrkjekontoret eller på ein annan av dei mange ulike møteplassane vi har som kyrkjelege medarbeidarar? 

 
Seminar 8  (kl. 13.25 – rom 3) 

Møt barne- og ungdomsorganisasjonane i kyrkja – kva kan dei tilby ungdom?  

KRIK, KFUK-KFUM og NMS-U presenterer sine tilbod for konfirmantar, leir og ungdomsarbeid . 

 

Seminar 9  (kl. 13.25 – rom 4) 

“Gjestfridom og vertskap”    

Gjestfridom og godt vertskap er ein kjerneverdi på kystpilegrimsleia. Korleis kan kyrkja sine erfaringar med frivillige på kystpilegrimsleia inspirere oss til nytenking i det arbeidet som vi elles gjer i kyrkjene våre?   
Med prost Knut Magne Nesse, friviljug Turid Astrid Reksten og leiar Kjell Magnus Økland, kystkultur.no. Moderator: kulturrådgjevar Ragna Sofie Grung Moe. 

 

Seminar 10  (kl. 13.25 – rom 5) 

Digital samhandling med frivillige og samarbeidspartnarar 

Korleis kan vi nytte dei digitale verktøya vi har i samhandlinga mellom kyrkjelyden og dei frivillige? Aktuelle tema i seminaret er: Medarbeideren, Microsoft 365 for sikker dokumentdeling og dialog, også med frivillige. Personvern og informasjons-tryggleik mm.  

Ved Mona Gangsøy Eide, BKF, og Sandra Nyland Forstrønen, Kyrkjerådet  

 

Seminar 11 (kl. 14.15 – rom 1) 

Ei kyrkje for alle - gode verktøy for ei inkluderande kyrkje.  

Fagleg påfyll og inspirasjon frå kurset "Du kan bety ein forskjell", eit kurs som er aktuelt for alle i kyrkjestaben. Det blir og presentasjon av Søndagsskulen Noreg sitt inkluderingsmatriell til bruk i mellom anna søndagsskuler, bornegrupper, grupper for barn og unge med utviklingshemming, familiesamlingar og generasjonsgudstjenestar. 
Med Jannicke K. Ludvigsen og Inger Jacobsen, Søndagsskulen Noreg i Bergen 

 

Seminar 12  (kl. 14.15 – rom 2) 

Tale er gull! 

Korleis tenkjer Thor Haavik når har skal kommunisere si kristne tru på TV, i sosiale medium osv. Og kva seier ein som har mastergrad i retorikk til dette ? Møt Farmen-presten Thor Haavik i samtale med kyrkjefagsjef i Bjørgvin, Tore Skjæveland. 

 

Seminar 13  (kl. 14.15 – rom 3) 

Kyrkja og flyktningane 

Kva gjorde kyrkja då dei fyrste ukrainske flyktningane kom til vårt bispedøme våren 2022? Kva gjorde organisasjonane? Kva lærte vi, og korleis ser vi for oss tida som ligge framføre oss? Møt nokre av dei som har ulike erfaringar frå dei fyrste vekene med ukrainske flyktningar i Bjørgvin, men ver også med på å dele dine erfaringar. 

Med Hallgeir Berge, dagleg leiar KIA Vest (tidl. KIA Bjørgvin), Johannes Hystad Pettersen, sokneprest i Eidfjord og Kinsarvik og Gro Fyllingsnes, flyktningediakon i Bergen.  

 

Seminar 14  (kl. 14.15 – rom 4) 

Korleis kjem vi i kontakt med medlemene våre gjennom ulike kanalar? - Tik Tok og takk for kyrkjebladet 

Med konkret blikk på hausten 2022, ser vi korleis vi kan nytta dei digitale og analoge plattformene våre på ein god måte for å kome i kontakt med menneska i sokna våre. Vi samtalar bl.a. om kven medlemene er, kven vi vil nå og korleis vi kan organisera dette arbeidet.  

Koordinator for seminaret: Jens Meyer. Seniorrådgjevar for informasjon og kyrkjeleg forvaltning i Bjørgvin.  

 
Seminar 15  (kl. 14.15 – rom 5) 

Korleis skape gode møteplassar for familiane? 

Lær om “Messy Church” og Familiedag i kyrkja. Erfaringsdeling. 

Staben i Øygarden har vore på studietur i England på eit stort internasjonalt Messy Church-seminar våren 2022. Her kan vi lova mange gode tips til aktivitetar for familiane. 

14.55 Avslutningar i seminarromma

15.00  Ferdig 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"