Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Stiftsdagane 2019

12. - 13. juni er alle tilsette i kyrkjelydane i Bjørgvin velkomne til å bli med på Stiftsdagane 2019.

Bjørgvin bispedømeråd og biskopen i Bjørgvin ønskjer velkomen til Stiftsdagane 2019 i Bergen. Temaet for dagene er «Møte som skaper».

Vi vonar at vårt møte med kvarandre, i eit stort fellesskap, kan skapa noko. «Der to eller tre er samla i mitt namn, er eg midt i blant dei» seier Jesus i Matteus 18.

Men vi skal ikkje berre møte kvarandre. Vi skal møte mange tema og mange foredragshaldarar. Vi vonar at også desse møta vil skapa noko. Kva dei vil skapa vil nok opplevast forskjellig, men vi trur at vi etter desse to dagane saman, vil kunne reise heim og bli inspirert til å sjølv vera med å skape nye møte - som skaper tru, håp og kjærleik.

I møte med menneska vi møter i kyrkja, eller ute på vegane. I dei daglige handlingane og dei heilage handlingane legg vi til rette for at menneske kan møte han som er midt i blant dei. Velkommen!

Stad: Quality Hotel Edvard Grieg og Bergen sentrum

Påmelding: Kyrkjeverjer og prostar sender samla påmelding av kor mange av deira tilsette som kjem. Kvar enkelt deltakar må i tillegg registrera seg, i samråd med arbeidsgjevar. Link til påmeldingane kjem nedanfor.

Vi håpar og trur at dette vert dagar som gir deg noko, båe gjennom fellessamlingar og seminarar du velgjer utfrå interesse og behov.