Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Program for Stiftsdagane 2019

Programmet vil vere variert og med god tid til samtalar og pausar. Det vert både seminar, underhaldning og fellessamlingar.

12. juni (dag 1): Quality Hotel Edvard Grieg på Sandsli i Bergen

Det vert registrering frå kl. 09:30 . Programmet startar kl. 10:30 og varer til kl. 18:45 (med tid til lunsj og kaffipausar)

Kl. 19:00 er det middag for dei fellesråda og stabane som bur på hotellet og for andre som ønskjer det. Hugs å melda dykk på!

Gode føredragshaldarar

Seriøs stand-up
Anders Tangen har lang erfaring som profesjonell føredragshaldar og eit stort register å ta av. I sine føredrag brukar han heile sin kompetanse og erfaring som journalist og programleiar i NRK, gestaltterapeut (psykoterapi) og som Stand up-komikar. Vi er sikre på Anders vil kalla fram både latter og tårer hos oss.

Ei synleg kyrkje
Frå Sverige får vi besøk av Magdalena Widmark. Ho er tilsett i Svenska kyrkan og oppteken av korleis vi kommuniserer. – Kyrkja treng  å endra sin kommunikasjon og byggja relasjonar, seier ho. Tema for føredraget er: «Ei synleg kyrkje». Ho har gjesta både Kyrkjerådet og stiftsdagar i Borg bispedøme - med veldig positiv respons.

Frivillige på Sørlandet
I Vågsbygd i Kristiansand har dei teke gode grep når det gjeld korleis tenka nytt rundt frivilleg teneste. Sokneprest Nils Terje Andersen og dagleg leiar Per Gunnar Pedersen vil ta oss inn i korleis dei tenkjer.

Stabsutvikling og trusopplæring
På MF har Astrid Sandsmark og Tron Fagermoen sett på korleis nokre stabar arbeider saman når det gjeld tiltak i trusopplæringa. Kva posisjonar inntek dei forskjellige yrkesgruppene? Resultatet er gitt ut som ei bok på IKO-forlaget.

Marthe Valle - Uro
Artist Marthe Valle held eit konsertføredrag som tek utgangspunkt i uroen i oss, og korleis vi skal leve med den i ei tid der så mykje skapar uro og det indre kjem ut av fokus. Marthe er kjend for sitt varme og nære uttrykk. Som sjukepleier i psykiatri har Marthe i mange år jobba tett på denne tematikken, og har skrive musikk som set ord på indre uro og korleis vi skal finne balansen i livet sine bølgjedalar. 

13. Juni (dag 2): Bergen sentrum

Denne dagen møtast vi først til forskjellige seminar på ulike plassar i Bergen sentrum. Vi har forskjellige seminar som vi håpar er både interessante og relevante for alle yrkesgruppene. Tid for seminar er kl. 10 - 12 . Det vert servert enkel lunsj på seminarstaden.

Kl. 13:00 - 15:15 vert det program for alle i Johanneskirken «Møte som skaper». Panelsamtale med innspel frå seminara, føredrag, mykje god allsang og gudsteneste. 

Oversyn over seminara.
Hugs å melde deg på i Questback, sjå lenke som kjem nede på sida.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"