Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Seminar - Stifstdagane 2019

Seminar i Bergen sentrum 13. juni kl. 10:00 - 12:00.  Det er begrensa med plass på nokre av seminara, så i påmeldinga set du opp både første- og andreval. Her gjeld prinsippet om førstemann til mølla.

Kunsten å feire gudsteneste
Målet er å skape begeistring og dynamikk omkring dei liturgiske ledda i gudstenesta og sikre ein meir einskapleg og felles liturgi i kyrkjelydane.

- Med utgangspunkt i Kyrkjemøtet sitt vedtak om Justert ordning for hovedgudstjeneste, vil kantor i Bragernes kirke, Jørn Fevang, gje oss kunnskap og inspirasjon til ein renessanse for gudstenestefeiringa i kyrkja vår.

Messy Church og Diddy Disciples 
Våre kollegaer i Southwark bispedøme i London gjev oss nye gode verktøy for familearbeid og småbarnssong som gudsteneste, og andre impulsar frå arbeidet i Den anglikanske kyrkja. Det blir først einintroduksjon av Messy Church, så Diddy Disciples, så deler vi oss i to grupper for å bli endå betre kjende med arbeidet. Seminaret passar for alle yrkesgrupper som er engasjert i familiearbeid og trusopplæring. 

Ungdomsdialog på tvers av tru
Kyrkjeleg dialogsenter Bergen fortel om ungdomsprosjektet «Inter». Det er eit prosjekt med unge vaksne med ulike trus- og livssyn som har laga ei dialogisk framsyning med sine personlege trusforteljingar. Framsyninga "MIN TRO" har blitt vist på fleire vidaregåande skular, Litteraturhuset i Bergen og på Høgskulen på Vestlandet. Eit av måla med framsyninga er å gje ungdommar eit innblikk i unge menneske si tru, aksept for det som er ulikt og toleranse på tvers av ulike meiningar. Under seminaret får vi oppleva denne framsyninga, og det er rom for spørsmål etterpå med bruk av dialogiske metodar.

Verdige møte på gravplassen 
Første del av seminaret vil ta for seg gravferdsseremonien. Hvor viktig er den? Kan vi klare oss uten?
Innlegg og debatt ledes av kirkeverge Asbjørn Vilkensen, Bergen kirkelige fellesråd
I del to vil handle om de forskjellige tros- og livssynssamfunns behov for tilrettelegging av gravferder. Hva skal til for at en seremoni, gravlegging og grav er tilrettelagt?
Innledes av gravplassjef Inghild Hareide Hansen, Bergen kirkelige fellesråd.

Use your talents
Korleis kan vi få gjort meir lokalt i kyrkjelyden og engasjert fleire til å verte frivillige? Svaret er å starta med ressursane lokalt. Utgangspunktet for Use Your Talents (Bruk dine talent) er at vi allereie har dei naudsynte ressursane til å skape endring lokalt. Det handlar meir om korleis desse ressursane kan blir anerkjent, brukt og vidareutvikla. Dette er ei annleis tilnærming til lokalsamfunnsbygging og kyrkjelydsbygging. Framfor å fokusere på det vi manglar eller ikkje har, set Use Your Talents fokus på det vi alt har, Modellen har skapt stor entusiasme og har allereie vore med å endre lokalsamfunn og kyrkjelydar – nasjonalt og internasjonalt. Evy Torunn Nyvoll frå Det Norske Misjonsselskap vil med sitt engasjerte seminar og smittande energi bidra med kunnskap om modellen og vise korleis ein praktisk kan gå fram for å få engasjert fleire friviljuge.

Kunsten å forme livet
Korleis snakke om livet og spiritualitet for menneske i dag?
Føredrag og samtale: Stian B. Aarebrot: «Kunsten å forme livet - en introduksjon til plastisk teologi»? 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / Fjern kirken.no fra blokkert.

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"