Inkluderande arbeidsliv (IA) i Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin bispedøme har fornya avtalen med NAV om å vere ei inkluderande arbeidslivsverksemd. Det gjev oss plikter og rettar.

Førebygging av sjukemelding

Som IA-verksemd kan vi kome til utgreiing raskare enn elles.

Snakk med legen din om: rygg-nakkesmerter og be om utgreiing tidleg. Be fastelegen om å skrive «Raskare tilbake» på tilvisinga. Dette gjer det mogleg å få utgreiing før du treng sjukemelding . Førebygging er alltid å føretrekka framfor reparering.

Ta óg kontakt med prosten om du kjenner at arbeidsplassen gjev deg muskelsmerter.

Ved å få godkjent fysioterapeut til å sjå på arbeidsplassen, kan ein gjere kvardagen enklare.

Arbeidsgjevar kan søkje om «tilretteleggingstilskot» om det er behov for spesialutstyr, dette gjer personalrådgjevar på bispedømekontoret. Det er viktig at ein ikkje kjøper inn utstyr, men ber om tilbod og utprøving medan ein søkjer om tilskot. Ta kontakt med bispedømekontoret før du sett i gang prosessen.

 

Kontaktperson for Bjørgvin bispedøme ved NAV Arbeidslivssenter Hordaland:
Kristine Nilsen, tlf. 55 55 33 36 Epost

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30