Bjørgvin bispedøme 950 år: konsertar

Praktisk informasjon

Frå:7.7.2018 - kl.18.00

Til:8.7.2018 - kl.17.00

Stad:Selje kyrkje

Arrangør:Bjørgvin bispedøme / Selje kommune m.fl.

Frå Selja til Bjørgvin
Omlag 1068 e. Kr. oppretta Olav Kyrre eit vestnorsk bispedøme med bispesete på øya Selja i Selje kommune.  Dei heilage frå Selja var så viktige for den unge kyrkja i Noreg at Selja var blitt det fyrste kraftsenteret i norsk kyrkjehistorie.

Bjørgvin bispedøme dekkjer i dag heile Hordaland og Sogn og Fjordane med 182 sokn i 59 kommunar. Kyrkja i Bjørgvin samlar også i vår tid menneske i alle bygder og byar i glede og sorg, i helg og kvardag for å møta kvarandre og æra Den treeinige Gud.

Les meir om historia her, og om Bjørgvin bispedøme her.

Kongeleg besøk
I 1968 besøkte dåverande Kong Olav og Kronprins Harald med Sonja Haraldsen øya Selja i samband med 900 års-jubileet for Bjørgvin bispedøme. Dette var eit av dei fyrste offisielle programma for det nyforlova paret kronprins Harald og Sonja. I år vil H.M. Dronning Sonja vitje Selja att i samband med 950 års-jubiléet under festgudstenesta 8. juli på Selja.

Konsertar i Selje kyrkje 7. og 8. juli
Laurdag 7. juli kl. 18.00: Jon Inge Sigerland, Songarar frå Bergen domkor, Line Dybedal m. vener medverkar.

Sundag 8. juli kl. 15.30: Konsert med lokale krefter

Billettar  (kr 200) kan kjøpast ved inngangen.
Førehandssal i alle butikkar i Seilje kommune og ved e-post til roald.halsoer@coop.no.

 

Informasjon om overnatting

Informasjon om festgudstenesta "Seljumannamessa" 8. juli.


Har du spørsmål, kontakt:

Selje kommune v/ servicekontoret, tlf. 57 85 85 00
Bjørgvin bispedøme v/ Ragna Sofie Grung Moe, tlf.  952 77 371