Den bibelske syklus - Utstilling av Håkon Gullvåg

Praktisk informasjon

Frå:31.10.2021 - kl.12.00

Til:2.1.2022 - kl.15.00

Stad:Bergen domkirke

Arrangør:

Utstilling av Håkon Gullvåg sine maleri i Bergen domkirke.

Hausten 2021. 

Utstillinga står til over nyttår. Gratis inngang.
Opningstider:
I samband med gudstenester, konsertar og andre arrangement.

Håkon Gullvåg er ein av Norges mest anerkjente kunstnarar, særleg kjent for sine portrettmaleri, men også som kyrkjekunstnar. Den bibelske syklus er ein serie med bibelske motiv, malt for visning i Nidarosdomen. Maleria utløyste ein stor nasjonal debatt om bruken av kunst i kyrkjerommet. Utstillinga har sidan vore vist i katedralar i Europa og i kyrkjer i Midtausten, og besøker no Bergen for første gong. 

Utstillinga består av 15 maleri i stort format, i tillegg til ein svevande kube. Kunstnaren vil i tillegg ta med heilt nye maleri til utstillinga i Bergen domkirke.

Dette blir ein unik sjanse til å oppleve byens middelalderkatedral smykka med moderne kunst!

Detalj frå Oppstandelsen, som er eit av maleria av Håkon Gullvåg som kjem til utstillinga i Bergen.
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.