Voldtekt som våpen i krig og konflikt

Praktisk informasjon

Frå:26.5.2019 - kl.16.00

Til:26.5.2019 - kl.18.00

Stad:Grand Hotel Terminus, Bergen

Arrangør:Kirkens nødhjelp

Kirkens Nødhjelp inviterer til gratis seminar om valdtekt som våpen i krig og konflikt i Terminus Hall på Grand Hotel Terminus i Bergen søndag 26. mai kl. 16–18. På seminaret fortel generalsekretær i Kirkens Nødhjelp Dagfinn Høybråten og utviklingsminister Dag Inge Ulstein om sitt nylege besøk til dr. Denis Mukwege på Panzi-sjukehuset i Kongo, og du får møte nokre av Kirkens Nødhjelp sine partnarar i austlege Afrika som arbeider mot seksuell vald.
Det er fri inngang og alle er velkomne.

Fredsprisvinnar dr. Denis Mukwege kallar krigsvoldtekter eit masseødeleggingsvåpen. Seksuell vald blir brukt som ein krigsstrategi, ei form for terror, ein torturmetode og ein metode for å øydeleggje heile samfunn. Dette skjer i dei fleste krigs- og konfliktområde i verda, og slagmarka er kroppane til sivile born, kvinner og menn.

Dei overlevande sit igjen med store fysiske og psykiske traumer, og opplever ofte stigmatisering og utestenging frå familie og lokalsamfunn. I dei aller fleste tilfella går dei ansvarlege fri for straff.

I tillegg til generalsekretær i Kirkens Nødhjelp Dagfinn Høybråten og utviklingsminister Dag Inge Ulstein vil du få høyre frå:
• Monica Njoroge fra det regionale kirkerådet i Øst-Afrika
• Ghislain Bafunyembaka Nakabenge, teolog og aktivist i DR Kongo
• Gudmund Waaler, domprost i Bergen, tidligere sjefsprest i Sjøforsvaret og forfatter av boken «Voldsbruk og livsfare».
• Florence Kimanzi, ekspert på kjønnsbasert vold i Kirkens Nødhjelp
• Thor Magne Kommedal, Misjonslege

Fri inngang (ingen påmelding er påkrevd). Arrangementet er i Terminus hall.

I samband med Kirkens nødhjelps representantskapsmøte, blir det invitert til ope seminar med gode innleiiarar i Terminus hall.