På trua laus - Mi trusreise - Svein Tindberg

Praktisk informasjon

Frå:14.11.2018 - kl.18.30

Til:14.11.2018 - kl.20.00

Stad:Litteraturhuset i Bergen

Arrangør:Bjørgvin bispedøme / Litteraturhuset i Bergen

Skodespelar og forfattar Svein Tindberg samtalar med biskop Halvor Nordhaug med tema «Mi trusreise». Tindberg står bak teateroppsetningane: «Markusevangeliet», «Apostlenes gjerninger» og «Abrahams barn». Gjennom arbeidet med desse framsyningane har han gitt seg ut på ei trusreise. Kvar starte reisa og kvar enda den; eller er han framleis undervegs?

Som innleiing til samtalen les Svein Tindberg høgt frå boka "Bibelforteljingar for born". Gjennom fleire tiår har Svein Tindberg hatt stor suksess med å gjenfortelje Bibelen til vaksne. No har han blitt bestefar, og då har det vakse fram eit ønskje om å formidle desse kjende og kjære historiane også til barn.

På trua laus er ein møteserie der biskop Halvor Nordhaug ynskjer å sleppe trua laus frå kyrkja sitt indre rom og utsette den for spørsmål, kritikk og forsvar. 
Billettar kan kjøpast via www.litthusbergen.no når programmet er lagt på Litteraturhuset sine nettsider, eller i bokhandelen på Litteraturhuset.

Svein Tindberg