På trua laus med Vigdis Hjorth

Praktisk informasjon

Frå:3.4.2018 - kl.18.00

Til:3.4.2018 - kl.20.00

Stad:Litteraturhuset i Bergen

Arrangør:Bjørgvin bispedøme

Trua - realitet eller illusjon?
Vigdis Hjorth i samtale med biskop Halvor Nordhaug

Vigdis Hjorth er ein av våre mest leste forfattarar. Bøkene hennar tek opp eksistensielle tema på ein modig og direkte måte. Hennar nyaste bok, Arv og miljø (2016), vart både ein kritikarfavoritt og ein stor salssuksess. Nyleg omtalte ho seg sjølv som søkande og prøvande på bøna sin veg. Denne kvelden samtalar ho med biskop Halvor Nordhaug om alt (i alle fall mykje) mellom himmel og jord.

På trua laus er ein møteserie der biskop Halvor Nordhaug ynskjer å slippe trua laus frå kyrkja sitt indre rom og utsette den for spørsmål, kritikk og forsvar. Billettar kan kjøpast via www.litthusbergen.no eller i bokhandelen på Litteraturhuset.