Stiftsdagar i Bjørgvin

Praktisk informasjon

Frå:8.6.2022 - kl.10.00

Til:9.6.2022 - kl.15.30

Stad:Bergen

Arrangør:Bjørgvin bispedøme i samarbeid med kyrkjeverjelaget

Biskop Halvor inviterer til Stiftsdagar 8.- 9. juni 2022!

Dagane blir arrangert i samarbeid med kyrkjeverjelaget i Bjørgvin.

Alle som er tilsett av bispedømerådet og fellesråda i Bjørgvin bispedøme samlast til to innhaldsrike dagar.   

Vi håpar på over 500 deltakarar, som på stiftsdagane i 2017 og 2019.

Vi skal endeleg få møte kvarandre! Vi skal samlast for å «våge, tru og bevege» oss framover, som kyrkje, i fellesskap, og bli oppmuntra i tenesta med og for kvarandre. I «Frivillighetsåret» vil og samspelet med og utrusting av frivillige medarbeidarar vere eit viktig tema. Temaet «Våge, tru og bevege» er henta frå det nye medarbeidarheftet til Bjørgvin bispedøme og er del av bispedømet sin strategi.

Stad: Quality hotell Edvard Grieg på Sandsli/Bergen.

Tid: Onsdag 8. juni kl. 10.30 - torsdag 9.juni kl. 15.30.

Program: Det vil kome detaljar om programmet på www.kyrkja.no/bjorgvin.

Bidragsytarar:

  • Carl Størmer, musikar og føredragshaldar med band - Jazzcode-prosjekt (føredrag og konsert)
  • Åste Dokka, prest og forfattar
  • Irene Kinunda Afriyie, kunstnerisk konsulent mm., «Fargespill»
  • Henrik Engelbrekt Refshauge, generalsekretær, Mission Afrika
  • Sunniva Gylver, prest og forfattar. 
    m.fl.

Hovudkomité: Mette Svanes (kyrkjeverje Bergen), Jan Ove Fjelltveit (Stiftsdirektør), Marianne B. Gammelsæter (tillitsvald), og prosjektgruppe frå staben ved bispedømekontoret


Pris:

2000,- utan overnatting, inkludert 2 dagpakkar (lunsj) og middag onsdag kveld.
Pris med overnatting: 3.100,- alt inkludert.

Deltakarar med arbeidssted Bergen bur heime, men deltek på programmet inkludert middag onsdag kveld. Fellesråda rundt Bergen må avklara med sine tilsette om overnatting skal inkluderast.

Overnatting vil bli prioritert til dei med lang reiseveg.


Det er ikkje mogleg å velje delar av programmet bort. Kostnaden er den same. 
I tillegg er det mogleg for dei med lengst reiseveg å få overnatting frå tysdag til onsdag. (Subsidiert pris er kroner 1100, for dei med lang reise).


PÅMELDING

Frist: 22. februar. Påmelding skal skje individuelt, og skal vera avklart med leiar. Påmeldinga er bindande.

Meld deg på her

REISE

Det vert oppmoda til å reise kollektivt eller samkøyring.

Frå stiftsdagane i 2017. Som den gongen, håpar vi å samla over 500 deltakarar frå heile bispedømet.
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.