Vegkryss 2021

Praktisk informasjon

Frå:13.8.2021 - kl.18.00

Til:14.8.2021 - kl.16.00

Stad:Hotel Admiral, Bergen

Arrangør:Ungdomsrådet i Bjørgvin bispedøme

Vegkryss 21 er ein ungdomsleiarkonferanse for alle ungdomar frå 10.klasse og eldre, som er engasjerte i ungdomsarbeidet i ei kyrkje i Bjørgvin bispedøme.

Vel møtt til ein konferanse som skal byggja fellesskap, gi lærdom og nye idear på tvers av kyrkjelydane. Vi vonar at du vert inspirert og at du kan oppleva å vera ein del av eit større felleskap på tvers av soknegrensa i heile Bjørgvin (Vestland fylke). 

Det er så mange flotte og dyktige ungdomsleiarar i bispedømet vårt! Det er godt å kunne sjå og treffa andre som held på med det same som deg.

På konferansen vil de få møta Thor Haavik, også kjend som «Farmenpresten». Han vil inspirera oss med tema som bl.anna tru vs vitskap og korleis skal vi forhalda oss til radikal forkynning?  Vi skal sjølvsagt leika, ha workshops, eta god mat og ha gode samtalar. 

På lørdagen vil vi ha ungdomsting – Det er kyrkja sitte eige ungdomsdemoktrati som vel eit ungdområd. Det er ungdomsrådet som arrangerar konferansen. Vi vil også arbeide med nokre viktige spørsmål som angår dei unge i kyrkja. Vil du vera med å påvirke, så er dette ein god stad å vera med. 

Vi byrjar kl 18.00 fredag 13. august og sluttar laurdag 14. august kl 16.00

Kvar:  Hotel Admiral, Bergen   

Pris: 600,- Dette inkluderar program, mat, snacks, overnatting på hotell ( 2-4 mannsrom, og anna  ( Kr 200 for deltakar nr 3,4 osb frå same sokn )

Kvart sokn kan stille med 2 delegatar til sjølve ungdomstinget. Det vil seie at det er berre 2 frå kvart sokn som kan stemme, men alle kan vere med på alt. Det er vanleg at soknerådet dekkjer avgifta for dei som skal vere med på Vegkryss. Vegkryss vil også ha ei reiseutjamning, slik at dei som bur langt borte kan få dekt reisekostnadar.

Påmelding til og med 20 juni.

[Missing text '/cookieconsent/missingConsentSharing' for 'Norwegian, Nynorsk (Norway)'][Missing text '/cookieconsent/missingConsentMessageFunctional' for 'Norwegian, Nynorsk (Norway)']