Bispedømerådet valde same leiar på nytt

Bjørgvin bispedømeråd var samla til møte 7. desember 2021. Sitjande leiar og nestleiar vart valde på nytt og rådet tilsette prestar i Bønes, Fyllingsdalen og Voss.

Vemund Atle Øiestad og Oddny Iren Miljeteig (lengst vekk frå kamera) vart attvalde som høvesvis leiar og nestleiar i Bjørgvin bispedømeråd.

Bjørgvin bispedømeråd gjekk samrøystes inn for attval av Vemund Atle Øiestad som leiar og Oddny Irene Miljeteig som nestleiar for dei komande to åra. Leiar og nestleiar i bispedømerådet skal veljast på nytt annakvart år. Det sitjande bispedømerådet har no fullført halve valperioden sin.

Tilsetjingar

Gunn Frøydis Unneland vart tilsett som sokneprest Bergensdalen prosti, Bønes sokn som tenestestad.

Eystein Wiig vart tilsett som sokneprest i Bergensdalen prosti, Fyllingsdalen sokn som tenestestad

Hans-Christian Küspert vart tilsett som sokneprest i Hardanger og Voss prosti, Voss sokn som tenestestad.

Andre saker

Bispedømerådet godkjende årsplan og budsjett for 2022.

Bjørgvin bispedømeråd oppnemner som styremedlemer i Stiftelsen Kirkens Familierådgiving Bjørgvin følgjande:

  1. Torstein Selvik med personleg vara Karl Johan Kirkebø for fire år
  2. Anne Christine Johannesen med personleg vara Eiel Holten for fire år
  3. Brynhild Eide med personleg vara Anine Mildestvedt for to år

Sakliste          

69/21 Godkjenning av saksliste Bjørgvin bispedømeråd 07.12.2021

70/21 Godkjenning av protokoll Bjørgvin bispedømeråd 26.10.2021

71/21 Godkjenning av protokoll Bjørgvin bispedømeråd 18.11.2021

72/21 Årsplan 2022        

73/21 Budsjett 2022

74/21 Oppnemning av styremedlemmer til Stiftinga Bjørgvin Familievern           

75/21 Bjørgvin bispedømeråd - Val av leiar og nestleiar for to år

Tilsettingssaker

76/21 Sokneprest Bergensdalen prosti, Bønes sokn som tenestestad

77/21 Sokneprest i Bergensdalen prosti, Fyllingsdalen sokn som tenestestad

78/21 Sokneprest i Hardanger og Voss prosti, Voss sokn som tenestestad

Protokoll: Sjå nedst på denne sida

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"