Opning av Reformasjonsbyen Bergen 2017

Opninga av «Reformasjonsbyen Bergen 2017» vart markert 4. januar ved at biskopen lanserte tesa "Det du får er viktigere enn det du får til" på døra til Johanneskirken. Sjå opptak av biskopen sitt føredrag frå Litteraturhuset med tema "500 år sidan reformasjonen – grunn til feiring?"

Tesen vart akkompagnert av ein spesialkomponert «reformasjons-jingle» for tesene på klokkespelet. Den er komponert av Sam Gooderham og blir framført live av kantor Asbjørn Myksvoll. Planen er å spela jingle og visa ein animasjonsfilm på klokketårnet kvar gong det blir introdusert ein ny tese.

Tese nr. 2 vart offentleggjort fredag 6. januar kl. 16. Første frokostmøte (der tese 2 blir presentert), finn stad i Korskirken onsdag 11. januar kl. 08.00. Sjå lenke nedanfor.

Seinare på kvelden var det møte i serien "Luther øre" på Litteraturhuset i Bergen. Sjå link nedanfor til opptak frå arrangementet der biskopen snakka om denne tesen og om temaet "500 år sidan reformasjonen – grunn til feiring?"

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30