Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Åsrapport Bjørgvin 2016

Det er mykje godt arbeid i kyrkja i Bjørgvin, både knytt til gudstenester, kyrkjelydsbyggjande arbeid og i møte med folk i ulike livsepokar. Årsrapporten for Bjørgvin går inn på ulike nøkkeltal for kyrkjelydane og gjev ei nyansert framstilling av både gudstenestebesøk, dåp, trusopplæring og medlemstal.

Sentrale nøkkeltal viser at det er færre gudstenester, bl.a. på grunn av meir krevjande økonomi og at det i snitt er meir enn 95 deltakarar på sundagsgudstenestene. Færre går trufast, fleire går innimellom.

Ein eigen artikkel tek føre seg trendane i medlemsskap. Den viser at det har vore ein reduksjon i medlemer i den alderen då ein får born, noko som påverkar talet på døypte. Samstundes er det veldig mange som blir konfirmert. 

På kulturtilbod og i trusopplæringa er det auke i tala, eller relativt stabile tal.

Årsrapporten vil vera grunnlag for den årlege styringssamtalen mellom Bjørgvin bispedømeråd og Kyrkjerådet. Tala i årsrapporten er henta inn frå kyrkjelydane via prostane og Statistisk sentralbyrå.