Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Biskopen på besøk i Noas ark

Utstillinga som held til i "Noas ark" i Bergen havn, har snart avslutta sitt vinteropphald i Bergen. Denne veka besøkte biskopen skipet som dreg vidare kring den 7. februar, om vêret er godt nok.

- Noas ark viser scener og forteljingar frå Bibelen på ein måte som utfordrar til refleksjon. Dei ulike scenaria varierer mellom ei realistisk og symbolsk framstilling på ein original og interessant måte, meiner biskopen. Han understrekar at det er viktig å ein gjev seg tid til å lesa oppslaga ved ei ulike stadane undervegs.

- Eg vil anbefala eit besøk, og trur at ein vil ha utbytte av dette frå 12 år og oppover, seire biskop Halvor Nordhaug.

Utstillinga gjev opplevingar av historiar frå Bibelen som er grunnlaget for vår lange europeiske historie og kultur. Sjølv for dei som ikkje har eit personleg forhold til Bibelen, får her ein høve til å oppleva historiane på eiga hand.