Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Biskopen om vigsel av likekjønna

Biskop Halvor Nordhaug kommenterer Bispemøtet sitt vedtak om likekjønna ekteskap i eit brev som er sendt prestane og kyrkjelydane i Bjørgvin.

I brevet, som vart sendt ut 5. november, forklarer biskopen kvifor han var med på vedtaket i Bispemøtet. Det gjer han fordi han både har blitt møtt med takksemd og kritikk etter vedtaket der Bispemøtet går inn for at det blir utarbeida liturgi for vigsel av to av same kjønn, samstundes som ein også beheld dagens liturgi for vigsel av ein mann og ei kvinne.

Sjølv ønskjer ikkje biskopen med si forståing av ekteskapet at ein får ein liturgi for vigsel av to av same kjønn. Når han likevel medverka til dette vedtaket, var det fordi han meiner usemja kring dette spørsmålet ikkje treng å splitta kyrkja og fordi han innser at Kyrkjemøtet sitt nye fleirtal vil røysta for ein ny liturgi. 

Det er avgjerande for biskopen i Bjørgvin at eit samla bispekollegium går inn for at likekjønna og ulikekjønna par ikkje skal vigslast etter same liturgi.

Prestane sin etablerte fridom til å velja om ein vil vigsla og forretta forbønshandlingar for likekjønna, eller lata vere å gjera dette, skal haldast fast. 

- Eg erkjenner at den løysinga Bispemøtet har kome fram til, ikkje er utan problem. Dette er eit omforent vedtak som er styrt av eit ønskje om å byggje fellesskap og ikkje splitting i kyrkja. Då har begge partar måtta gje og ta, skriv biskopen.

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30