Luthertre skal markera reformasjonen

Biskop Halvor Nordhaug planta eit "Luthertre" ved Mariakirken 21. juni i samband med 500-årsmarkeringa for reformasjonen som blir feira i 2017.

Det var i samband med at Mariakirken vart opna etter fem års restaureringsarbeid, at biskopen planta eit tre på kyrkjegarden. 

Treet har eit "søstertre" planta av Den norske kyrkja i ein stor "Lutherhage" i byen Wittenberg i Tyskland. Lutherhagen er etablert av Det Lutherske verdsforbundet og inneheld tre frå kyrkjer i heile verda.  Det var i 1517 Martin Luther la fram dei 95 tesene mot avlatshandelen, ei hending som etter kvart førte til reformasjonen.

Treet blir planta i Bergen fordi byen i reformasjonstida var den norske byen med mest kontakt med Tyskland og Europa.

Biskopen fekk hjelp av trepleiear Markus Schwarzmannseder frå Akasia (Bergen kirkelige fellesråd) til å planta treet som er av typen Ginko biloba.

Den norske kyrkja sitt tre i Lutherhagen i WittenbergBiskopen var nyleg på besøk i Wittenberg, der han mellom anna fekk sjå Den norske kyrkja sitt tre i Lutherhagen (sjå foto).

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30