Bispedømerådet tilsette sokneprest i Ulllensvang

Bjørgvin bispedømeråd tilsette ny sokneprest i Ullensvang då dei var samla til digitalt møte 15. desember. Rådet arbeidde med strategi for bispedømet og gjorde vedtak om nokre høyringsfråsegner.

Leiar Vemund Øiestad og resten av bispedømerådet drøfta ny strategi for bispedømet i møtet 15. desember der også ein del av staben på bispedømekontoret var med frå kvar sine heimar.

Leni Mæland er tilsett som ny sokneprest i Ullensvang. Ho er no studentprest i Stavanger.

Bjørgvin bispedømeråd hadde drøfting på strategiplan og strategiutvalget tar med seg innspela og vil ferdigstille saka til neste møte.

Bispedømerådet gjorde også vedtak om høyringsuttale til Kyrkjerådet om heilskapleg kyrkjelydsplan og om oppfølging av evaluering av Samarbeid menighet og misjon (SMM).

Ein plan for prosess kring ressursfordeling av prestestillingar stod også på sakslista, saman med ei orientering om Fana prestegard.

For saker elles, sjå saklista nedanfor og protokoll (lenke nedst på sida).
SAKSLISTE
Godkjenning av innkalling og saksliste
69/20 Saksliste Bjørgvin bispedømeråd 15.12.2020
Godkjenning av protokoll
70/20 Protokoll Bjørgvin bispedømeråd 13.11.2020
Saker til behandling
71/20 Bjørgvin bispedømeråd - Budsjett 2021
72/20 Strategi og satsing i Bjørgvin 2021 - 2024
73/20 Bjørgvin bispedømeråd - Ressursfordeling prestestillingar - plan og prosess
74/20 Høyringsutale frå Bjørgvin bispedømeråd Heilskapleg kyrkjelydsplan/ Helhetlig menighetsplan
75/20 Høyring: Oppfølging av evaluering av Samarbeid Menighet og Misjon (SMM) - 2020. (Sjå lenke nedst på sida)
76/20 Oppnemning av nye representantar til KIA Bjørgvin sitt regionråd. Valperiode 2020 - 2023
77/20 Bjørgvin bispedømeråd - Fana prestegård Avklaring
78/20 Bjørgvin bispedømeråd - Datoplan 2021
Orienteringssaker
79/20 Delegerte vedtak- Bjørgvin bispedømeråd møte 15. desember 2020
Tilsettingssaker
80/20 Tilsetjing - Sokneprest i Hardanger og Voss prosti med Ullensvang sokn som tenestestad - Unntatt etter offentlighetsloven Offl. § 25 første ledd

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"