Bispedømerådet tilsette fem prestar

Bjørgvin bispedømeråd tilsette i møte 29. oktober fem prestar.

Følgjande prestar har fått tilbod om stilling, med åtte dagars frist for å svara på tilbodet:

  • Sokneprest i Nordhordland prosti med sokna i Gulen som tenestestad: Per Børge Hillestad
  • Kapellan i Bergensdalen prosti med Løvstakksiden sokn som tenestestad: Anne Line Kroken
  • Spesialprest for barn og unge i Sunnfjord prosti med Førde sokn og Holsen og Haukedalen sokn som tenestestad: Carsten Langeland
  • Kapellan i Fana prosti med Søreide sokn som tenestestad: Marte Birkeland Åsen
  • Kapellan i Bergensdalen prosti med Sælen sokn som tenestestad: Rose-Marie Skarsten

Mellomkyrkjeleg råd
Høyring på forslag til reglar for Mellomkyrkjeleg råd var også på bispedømerådet sitt bord. Bispedømerådet ønskjer mellom anna at dette rådet er med på bidra til å styrka den lokale økumeniske dialogen i kyrkja. (Sjå høyringsbrev nedst på denne sida)


Bjørgvin familiekontor
Bjørgvin bispedømeråd oppnemnde styremedlemer for Bjørgvin familiekontor:
• Annicken Ulvik som styremedlem for fire nye år
• Liv Sylvarnes som styremedlem for fire år
• Åsta Årøen som personleg vara for Liv Sylvarnes i fire år.
• Brynhild Eide som personleg vara for Annicken Ulvik i fire år.

Sakliste
Økonomirapport per oktober
Høyring - forslag til reglar for Mellomkyrkjeleg råd
Oppnemning styremedlemmer Bjørgvin Familiekontor
Tilsetjing, sokneprest i Nordhordland prosti med sokna i Gulen som tenestestad
Tilsetjing, kapellan Løvstakksiden
Tilsetjing, spesialprest for barn og unge i Sunnfjord prosti, Førde sokn, Holsen og Haukedalen sokn
Tilsetjing, kapellan Søreide
Tilsetjing, kapellan Sælen

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"