Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Bispedømerådsmøte med viktige høyringar og to tilsetjingar

Bjørgvin bispedømeråd tilsette i møte 3. november sokneprest i Selje og sokneprest i Aurland. Høyringar om kyrkjerådet si samansetting og om den nye trussamfunnslova var sentrale tema elles i møtet.

Som sokneprest i Nordfjord prosti, Ervik, Leikanger og Selje sokn, tilsette bispedømerådet Eli- Johanne Rønnekleiv.

Som sokneprest i Sogn prosti, med sokna i Aurland som tenestestad, tilsette bispedømerådet Johannes Noord.

Tilbod om stilling er sendt, og dei tilsette får 8 dagars frist på å melde om dei vil ta i mot stillinga. 

Høyring - Kyrkjerådet si samansetting

Kyrkjerådet si oppgåve er å førebu dei sakene som skal behandlast av Kyrkjemøtet, iverksetja Kyrkjemøtet sine vedtak og leia arbeidet mellom kvart Kyrkjemøte. No er samansetjinga av Kyrkjemøtet ute til høyring. Nedanfor står heile høyringsfråsegna til Bjørgvin bispedømeråd.

Bjørgvin bispedømmeråd finn det uheldig at sak om samansetning av kyrkjerådet kjem til høyring uavhengig av sak om valordninga. Desse sakene heng tett saman og har konsekvensar i forhold til kvarandre. I utgangspunktet meiner vi difor at kyrkjemøtet bør behandle desse to sakene i samanheng. Dessutan vil vi peike på at det trengs ei utgreiing av høvesvis kyrkjemøtet og bispemøtet sitt ansvar i saker som gjeld lære- og liturgispørsmål.

 1. Har høringsinstansen synspunkter knyttet til leder av Kirkerådet?

Alt 1:

I tråd med tidligare anbefaling frå Kyrkjemøtet ønsker Bjørgvin bispedømeråd å fastholde at Kyrkjerådets leiar skal veljast blant Kyrkjemøtets valde medlemmer. Bjørgvin bispedømeråd ønsker ikkje at biskopen vald av Bispemøtet skal kunne være valbar til vervet som leiar av Kyrkjerådet. Det er ikkje ønskeleg med ytterligare begrensingar knytt til valbarheit.

6 stemmer

Alt 2:

Bjørgvin bispedømmeråd meiner at Kyrkjerådets leiar må veljast blant Kyrkjemøtets medlemmer. Dette opnar for at også ein biskop kan bli leiar av Kyrkjerådet. Samstundes ønsker Bjørgvin bispedømmeråd ikkje å innføre ei ordning der Bispemøtets preses leier Kyrkjerådet i kraft av sin stilling. Det er ønskeleg at leiar av Kyrkjerådet vert vald av Kyrkjemøtet gjennom ein demokratisk prosess med ulike kandidatar til vervet.

Ingen stemmer

Alt 3:

Bjørgvin bispedømmeråd ønsker å innføre ei ordning der bispemøtets preses skal være leder av Kyrkjerådet.

3 stemmer

2. Har høringsinstansen synspunkter på spørsmålet om hvert bispedømme bør være representert i Kirkerådet?

Alt 1:

Ordninga med representasjon frå kvart bispedømme i Kyrkjerådet, er naudsynt å vidareføre. Det sikrar det einskilde bispedømeråd forankring og god kontakt. Ordninga er også i tråd med demokratiske prinsipp om representativitet. I tillegg har ordninga svært stor tilslutning i Vegval-høyringa frå 2015. Bjørgvin bispedømmeråd er kritisk til å erstatte Kyrkjerådets samansetning knytt til representativitet, med ei ordning der Kyrkjerådets samansetting vert knytt til kompetanse innan spesifikke fagområder. Bjørgvin bispedømeråd meiner at fagkompetanse knytt til drifta av dei sentralkyrkjelege organa primært skal sikrast gjennom Kyrkjerådets administrasjon. Det valde Kyrkjerådets primære oppgåve er å representere Kyrkjemøtet, noko kvart medlem av Kyrkjemøtet er kvalifisert til gjennom sitt verv.

9 stemmer

Alt 1 med tillegg: Bjørgvin bispedømmeråd meiner vidare at representantane frå kvart bispedømme skal veljast blant dei leke medlemmane. Prestar og lek kyrkjelege tilsette bør veljast som ein eigen kvote, på bakgrunn av at dei også blir valt inn i kyrkjemøte på ein eigen kvote.

7 stemmer, mot 2 stemmer

Alt 2:

I tråd med kva ulike instansar uttalte i Vegval-høyringa, er det ønskeleg at det valde Kyrkjerådet har tilstrekkeleg kompetanse innan teologi, administrasjon, juss og økonomi. Slik kan rådet være til nytte for kyrkjerådets administrasjon. Bjørgvin bispedømmeråd ønsker difor at Kyrkjerådets samansetting vert endra, slik at det vert nominert kandidatar på bakgrunn av kvalifikasjon, og ikkje som representantar frå det einskilde bispedøme. Det bør fortsatt være slik at Kyrkjerådet vert vald blant Kyrkjemøtets medlemmer.

Ingen stemmer

3. Har høringsinstansen synspunkter på spørsmålet om Kirkerådets medlemmer må være medlem av Kirkemøtet?

Bjørgvin bispedømeråd meiner det er avgjerande at Kyrkjerådets medlemmer må være medlem av Kyrkjemøtet. I tråd med demokratireforma og utgreiinga «Styrket demokrati i Den norske kirke», fastheld Bjørgvin bispedømeråd at Kyrkjemøtet ikkje bør ha anledning til å supplera seg sjølv.

7 stemmer, mot 2 stemmer

4. Har høringsinstansen synspunkter på antallet prester i Kirkerådet?

Alt 1a:

Det er lang tradisjon for at råda i Den norske kyrkja er samansett ut frå prinsippet om ein felles styringsmodell for den ordinerte tenesta og leke representantar. Bjørgvin bispedømeråd meiner denne ordninga også bør speglast i Kyrkjerådets samansetting. Det handlar om å spegle korleis myndigheit ellers er fordelt i kyrkjeordninga, i eit gjensidig samvirke mellom embete og råd.

Bjørgvin bispedømeråd har ikkje sterke synspunkt på det nøyaktige antalet prester som bør veljast til Kyrkjerådet, men meiner ein bør tilstreba god balanse mellom leke og den ordinerte tenesta.

6 stemmer

Alt 1b:

Det er lang tradisjon for at råda i Den norske kyrkja er samansett ut frå prinsippet om ein felles styringsmodell for den ordinerte teneste og leke representantar. Bjørgvin bispedømeråd meiner denne ordninga også bør speglast i Kyrkjerådets samansetting.

Bjørgvin bispedømeråd meiner at den geistlige representasjon i Kyrkjerådet bør styrkast. Biskopane sitt ansvar for lære- og liturgisaker tilseier at halvparten av desse geistlige representantane er biskopar.

3 stemmer

Alt 2:

Det bør ikkje være eigen kvote for prestar i Kyrkjerådet, men prestane som er medlemmer i Kyrkjemøtet bør være valbare til Kyrkjerådet på linje med dei leke representantane og dei som er medlemmer av Kyrkjemøtet gjennom å være vald som lek kyrkjeleg tilsett. Det er biskopen valt av Bispemøtet som i kraft av sin stilling representerer den ordinerte tenesta i rådet, tilsvarande biskop i bispedømmeråd og sokneprest i sokneråd. Dersom en i forbindelse med utarbeiding av ny kyrkjeordning finn at det vil være ønskeleg med tilsetterepresentasjon i Kyrkjerådet, vil prestar være valbare til dette på lik linje med andre kyrkjelege tilsette.

Ingen stemmer

5. Har høringsinstansen synspunkter på antallet lek kirkelig tilsatte i Kirkerådet?

Alt 1:

Ordninga med at lek kyrkjeleg tilsette vert vald til Kyrkjerådet, er som høringsnotatet uttrykker det, noko som vil bli vurdert i samband med utarbeiding av ny kyrkjeordning. På bakgrunn av dette finn Bjørgvin bispedømeråd ikkje at det er grunn til å endre ordninga på det noverande tidspunkt. 

Ingen stemmer

Alt 2:

Det bør ikkje være eigen kvote for lek kyrkjelege tilsette i Kyrkjerådet, men dei lek kyrkjelege tilsette som er medlemmer i Kyrkjemøtet bør være valbare til Kyrkjerådet på linje med de leke representantane.

samrøystes

6. Har høringsinstansen synspunkter på lederne i Mellomkirkelig råds og Samisk kirkeråds deltakelse eller medlemskap i Kirkerådet?

Ordninga med at leiarane i Mellomkyrkjeleg råd og Samisk kyrkjeråd møter i Kyrkjerådet med møte-, tale- og forslagsrett, er som høringsnotatet uttrykker det, noko som kan bli vurdert i samband med utarbeiding av ny kyrkjeordning. På bakgrunn av dette finner Bjørgvin bispedømeråd ikkje at det er grunn til å endre ordninga på det noværande tidspunkt.

4 stemmer

Alternativt forslag:

Bjørgvin bispedømeråd ønsker at alle representantar i Kyrkjerådet har stemmerett. Som ein følge av det, bør ikkje leiarane fra andre demokratisk valte råd, her MKR og samisk kyrkjeråd, ha tale- og forslagsrett. Det same vil gjelde UKM.

5 stemmer

7. Har høringsinstansen synspunkter på hvordan ungdomsrepresentasjon i Kirkerådet kan ivaretas?

Bjørgvin bispedømmeråd støtter forslaget om at leiar av Kyrkjerådets utval for ungdomsspørsmål får møte-, forslags- og talerett i Kyrkjerådet, på lik linje med dagens ordning med leiarane i Mellomkyrkjeleg råd og Samisk kyrkjeråd, basert på høyringsnotatets gitte føresetnadar. Samtidig meiner Bjørgvin bispedømeråd ei slik ordning ikkje må sjåast som ei erstatning for at kandidatar under 30 år velt vald inn i Kyrkjerådet etter ordinær modell. Det er viktig å fortsette arbeidet for god representasjon av kandidatar under 30 år i bispedømeråd, Kyrkjemøtet og Kyrkjerådet.

4 stemmer

Alternativt forslag:

Bjørgvin bispedømeråd ønsker at alle representantar i Kyrkjerådet har stemmerett. Som ein følge av det, bør ikkje leiarane frå andre demokratisk valte råd, her UKM, ha tale- og forslagsrett.

5 stemmer

8. Har høringsinstansen synspunkter på antall varamedlemmer i Kirkerådet?

I lys av at Kyrkjemøtet ein gang årleg kan foreta suppleringsval, legg Bjørgvin bispedømeråd til grunn at eitt varamedlem vil være tilstrekkelig.

9 stemmer

9. På bakgrunn av høringsinstansens vurderinger til spørsmålene ovenfor: Hvordan ønsker høringsinstansen oppsummerende at Kirkerådet skal sammensettes?

Bjørgvin bispedømmeråd vurderer det slik at Kyrkjerådets samansetting må henge nært saman med kva oppgåver det skal forvalte. Vi meiner difor at spørsmålet om Kyrkjerådets samansetting bør utgreiast i samanheng med kva oppgåvefordelinga mellom Kyrkjerådet, Bispemøtet, Mellomkyrkjeleg råd og Samisk kyrkjeråd vil være i den nye kyrkjeordninga.

9 stemmer

Bjørgvin bispedømmeråd ønsker i hovudsak ei samansetting som tilsvarar den vi har i dag. Det er vesentlig for Bjørgvin bispedømeråd at Kyrkjerådet vert vald blant Kyrkjemøtets medlemmar. Bjørgvin bispedømeråd meiner det er ein styrke for Kyrkjerådet at organet har leke representantar frå alle bispedømmeråd. Det handlar om å spegle korleis myndigheit ellers er fordelt i kyrkjeordninga, i et gjensidig samvirke mellom embete og råd.

5 stemmer

 Strategi og årsplan 2018-2020 - 1.drøfting

Bjørgvin bispedømeråd  gav innspel til utkast på strategi og årsplan 2018-2020.

 Oppnemning nytt styre - Stiftelsen kirkens familierådgivning Bjørgvin

Bjørgvin bispedømeråd oppnemner:

Faste styremedlemer: Åse Tveit Christiansen (2 år) og Torstein Selvik (4 år)

Varamedlemer: Åsta Årøen (2 år) og Karl Johan Kirkebø (4 år)

 

Høring ny lov om trus- og livssynssamfunn - 1. drøfting

Bjørgvin bispedømeråd har hatt ein gjennomgang av høyringsutkastet til ny lov for trus- og livssynssamfunn. Saka kjem opp i bispedømerådet sitt møte 5.desember 2017.

Bispedømerådet er oppteken av at saka vert breitt opplyst, og bed administrasjonen invitere sokneråd og fellesråd til felles drøftingar, og at sakspapira til neste møte vert sendt til desse organa.

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30