Bispedømerådsmøte med høyringssvar og tilsetjingar

Bjørgvin bispedømeråd har i møte 5. desember gjort vedtak om høyringssvar til ny lov for trus- og livssynssamfunn. Dei har også gjort tilsetjing i fire prestestillingar.

Det viktigaste punktet der bispedømerådet var usamde, var om dei ønskjer at finansieringa av Den norske kyrkja skal delast mellom stat og kommune som i dag, eller om Staten skal ha det meste av finansieringa.

Fleirtalet ønskjer ei ordning som i dag. Bispedømerådet argumenterer med at relasjonen og nærleik mellom sokn og kommune er viktig, og at dei trur dette blir best tatt i vare ved at kommunen har ansvar for kyrkja også finansielt. Rådet legg særleg vekt på at finansiering av kyrkjebygga er med å styrka dette forholdet. Det er også viktig med ein maktbalanse mellom dei lokale sokna og Kyrkjemøtet, og bispedømerådet trur ei delt finansiering vil bidra til dette.

Mindretalet gjekk for ein modell som i si tid vart lansert av "Gjønnesutvalet" der ein ser for seg at kommunane for ansvar for å finansiera kyrkjebygga, medan staten finansierer resten av verksemda. Argumentet for dette er å behalda eit nært forhold til kommunen, samstundes med at ein trur dette vil gjera det lettare å effektivisere verksemda til Den norske kyrkja gjennom ei friare organisering.

Bispedømerådet var i mange av spørsmåla i høyringa samde med forslaget frå Kulturdepartementet, men det var også nokre punkt der rådet flagga usemje. Det gjeld bl.a. kravet på kor mange medlemer eit trussamfunn må ha for å få støtte frå det offentlege.

Sjå heile høyringssvaret i protokollen (lenke nedst på sida).

Tilsetjingar

Bjørgvin bispedømeråd gjorde tilsetjing i fire prestestillingar.

Sokneprest i Nordhordland prosti, Osterfjorden og Mo sokn
Torbjørn Aamli har fått tilbod om stillinga og teke imot.

Sokneprest i Fana prosti, Birkeland sokn
Kjersti Gautestad Norheim har fått tilbod om stillinga og teke imot.

Sokneprest i Fana prosti, Skjold sokn
Harald Pedersen Fylling har fått tilbod om stillinga og teke imot.

Prostiprest i Åsane prosti, Arna sokn og Osterøy sokn
Marthe Kristine Østerud Bjerke har fått tilbod om stillinga og teke imot.

For fleire detaljar, sjå protokollen (lenke nedst på sida).
 

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30