Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Bispedømerådsmøte 12. mai

Bjørgvin bispedømeråd var samla til møte 12. mai. På saklista stod mellom anna fire tilsetjingssaker, høyringar på vegval av framtidig kyrkjeordning, prestebustadar og sundagsopne butikkar. Strategi for bispedømet framover var også ei av sakene.

Bispedømerådet tilsette fire prestar

Sokneprest Fusa sokn: Einar Ekerhovd
Sokneprest Holmedal og Husnes sokn: Reidar Ådnanes
Sokneprest i Lindås, Hundvin og Myking sokn: Ole Marton Ølberg
Sentrumsprest i Bergen domkirke sokn: Øyvind Rise

Vegval for framtidig kyrkjeordning

Bispedømerådet gjekk gjennom høyringssvaret og kom fram til eit samla framlegg med ei viss usemje på ein del av punkta.  Eit av dei spørsmåla det er mykje debatt om, gjeld kven som skal vera arbeidsgjevar for kyrkjeleg tilsette, særleg prestar og andre i vigsla stillingar (kateketar, diakonar og kantorar).

Eit fleirtal på 8 av 9 røysteføre vil at prestar framleis skal tilsetjast i bispedømerådet.

Eit fleirtal på 6 vil at også andre i vigsla stillingar skal tilsetjast i bispedømerådet.

Eit fleirtal på 7 vil at alle andre framleis skal tilsetjast i fellesrådet. Bispedømerådet presiserer at ein i høyringssvara med «fellesråd» kan forstå både dagens fellesråd og fellesråd som i ei ny kyrkjelov kan få andre oppgåver og ansvarsområde, m.a. kan eit fellesråd vera eit organ for ein kommune eller fleire kommunar.

Høyringssvaret elles er eit omfattande dokument som ligg integrert i protokollen, sjå link nedst på sida.

Historisk verdifulle prestebustadar

Buplikta for prestar vert avvikla frå 1. september. Etter dette har ikkje prestane lenger plikt til å bu i ein bestemt bustad som følgjer stillinga. Dei har heller ikkje plikt til å bu innanfor tenestedistriktet/prostiet.  Opplysningsvesenets fond (OVF) er eigar av mange av prestebustadane. Dei har skrive opp 17 bustadar i Bjørgvin som dei meiner ein bør ta vare på med bakgrunn i den kyrkje- og kulturhistoriske verdien til desse husa. Bispedømerådet tok stilling til framlegget frå OVF og kom med framlegg til visse endringar i innstillinga. For detaljar om dette, sjå protokollen.  OVF vil venteleg selja ein del bustader og ta vare på andre. Det er ikkje avgjort om det er prestar eller andre som skal bruka dei bustadane ein tek vare på.

Prestebustadar i rekrutteringssvake område

Når buplikta vert avvikla, ynskjer departementet å utarbeida ei ny ordning for tenestebustad i område med «lite dynamisk bustadmarknad». Føremålet er å kunna oppretthalda eit tilbod om tenestebustad i område der det vert sett på som nødvendig for å få prest til soknet.

Bispedømerådet er positive til den nye ordninga, men går i høyringssvaret inn for nokre endringar i framlegget frå departementet. Desse går i hovudsak ut på at ein meiner OVF bør ta hand om husleigeavtalane, ikkje bispedømerådet.

Ny strategi for Bjørgvin bispedøme 2015 – 2017

Noverande strategi for bispedømet var for perioden fram til 2014. Bjørgvin bispedøme gjev administrasjonen i oppdrag å utarbeida forslag til ein visjons/strategiplakat som ser framover mot reformasjonsjubileet med utgangspunkt i visjonsformuleringa: Saman vil vi ære den treeinige Gud. Administrasjonen kan arbeida vidare med den språklege utforminga og laga ein plan for bruken av strategidokumentet, bl.a. med tanke på soknerådskurs.

Høyringssvar om sundagsopne butikkar

I eit høyringssvar til kulturdepartementet går Bjørgvin biskop og bispedømeråd sterkt  i mot å endra «helligdagsloven» for å tillata søndagsopne butikkar.

«Søndagen er i vår norske tradisjon både «heilagdag» og «kviledag», reservert til gudsdyrking og rekreasjon. Den felles kviledagen er noko av det som gjer ei samling individ til eit samfunn, der ein har funne saman på eit grunnlag prega av skikkar, verdiar og tradisjonar. Eit samfunn er mykje meir enn ei tilfeldig samling individ,» skriv bispedømerådet i starten av høyringsfråsegna. Sjå lenke nedst på sida til heile fråsegna.

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30