Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Siste møte i bispedømerådet

Bjørgvin bispedømeråd har vore samla til sitt siste møte før nytt bispedømeråd tek plass etter nyttår. I møtet vart det mellom anna gjort tilsetting av spesialprest i Nordhordland og vedteke høyringsfråsegn om den liturgiske musikken i gudstenesta.

Bjørgvin bispedømeråd tilsette Torbjørn Sæle som spesialprest i Nordhordland prosti  med Alversund, Seim og Lygra sokn som tenestestad. Nr. 2 vart Kari Burke-Romarheim, nr 3 Hanne Kanchan Zimmermann Ølberg.

Diakon til Askøy
Askøy kyrkjelege fellesråd får 50 % statleg tilskot til diakonstilling frå 1.1.2016 under føresetnad av lokal stønad til stillinga tilsvarande 50 % stilling.

Retningsliner for handtering av konfliktsaker
Eit felles personalutval for Den norske kyrkja, har laga framlegg til felles retningsliner som ein kan velja å ta i bruk i bispedøme og fellesråd for å handsama felles konfliktsaker og mobbe- og trakasseringssaker. Bjørgvin bispedømeråd vedtok desse retningslinene og gav administrasjonen fullmakt til å inngå samarbeidsavtalar med fellesråda rundt desse retningslinene.

Rekrutteringsutval
Bispedømerådet har oppretta eit nytt rekrutteringsutval som skal vera ei tankesmie som skal arbeide ope og breitt omkring rekruttering til kyrkjeleg teneste.  

Utvalet har følgjande medlemer:
Leiar: Knut Magne Nesse
Sekretær: Ingrid Nyhus
Medlem: Cathrine Waaler Halstensen
Medlem: Maria Tveten
Medlem: Arnt Johan Vistnes
Medlem: Bård Hallesby Norheim
Medlem: Hans Petter Dahl

Liturgisk musikk – høyring
Den liturgiske musikken i gudstenestene er ulik i ulike kyrkjer. Variasjonen er så stor at ein ønskjer å bli samd om nokre få variantar, slik at det er råd å kjenna att melodiane frå kyrkje til kyrkje.

Bjørgvin biskop og bispedømeråd har i sitt felles høyringssvar på den prinsipielle delen av høyringa om liturgisk musikk sagt seg samde i i prinsippet om at ein skal ha "ei avgrensa mengd med liturgisk musikk, som utgjer hovudseriane". Ein går inn for ”normalseriar” som ein hovudregel, slik at den faste gudstenestemusikken kan bli kjent og at kyrkjegjengarar kan kjenna seg igjen og delta når dei er til gudsteneste ulike stader.

Biskopen og bispedømerådet meiner at dei faste seriane bør vera obligatoriske og at ein berre i særskilde  høve kan nytta annan liturgisk musikk i hovudgudstenesta. Det er nok at biskopen får årlig melding om det og kva slags særskilte høve det er. Det er ikkje til hinder for at ein på andre gudstenester kan nytta annan musikk.

Tre allmenne hovudseriar pluss ein fasteserie og ein festserie, totalt fem, er eit passe tal.

Biskopen og bispedømerådet skriv at det er deira inntrykk er at alle seriane er fine og sangbare og godt egna som faste seriar

Kirkens nødhjelp – representantskap
Bjørgvin bispedømeråd oppnemner til Kirkens Nødhjelp sitt representantskap dei komande fire åra Ivar August Bye (medlem) og Hege Feet Askvik (varamedlem).

Bjørgvin familierådgivning– styre
Bjørgvin bispedømeråd oppnemner Ragnar Tvinnereim og Jannicke M. Hana som styremedlemer i Stiftelsen Bjørgvin Familierådgivning for perioden 2016-2019. Torbjørn Fjøren og Kari Kaland Vestbøstad vert oppnemnde som varamedlemer.

Bispedømerådet godkjende også at Lærdal sokneråd får bruka kapitalen i eit lokalt fond.

 

Saksliste

Godkjenning av innkalling og saksliste

Godkjenning av møtebok

Tilsetting av spesialprest i Nordhordland prosti med Alversund, Seim og Lygra sokn som tenestestad

Ledig tilskot til diakonstilling – Omdisponering av ressurs

Retningsliner for handsaming av konfliktsaker

Retningsliner for handsaming av mobbe- og trakasseringssaker

Oppnemning og mandat for Rekrutteringsutval

Lærdal sokneråd - søknad om godkjenning bruk av fond

Høyring  - Liturgisk musikk

Justering av oppnemningsperiode i Kirkens Nødhjelp sitt representantskap

Orienteringer

Oppnemning av styre- og varamedlemer til Stiftelsen Bjørgvin Familierådgivning