Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Bispedømerådet med sju tilsetjingar og effektiviseringvedtak

Bjørgvin bispedømeråd har i møte 15. mai tilsett prestar i sju stillingar. Vidare har rådet slutta seg til kyrkja sin prosess for å effektivisera den merkantile drifta i kyrkjerådet og ved bispedømekontora.

Desse vart tilsett i prestestillingar:

Kapellan i Søreide sokn, Fana prosti: Kari Hope Fjæreide

Sokneprest i Vesthordland prosti med Tveit sokn, Askøy som tenestestad: Marianne B Gammelsæter

Kapellan i Fana prosti med Birkeland sokn som tenestestad: William Skolt Grosås

Sokneprest i Sogn prosti, med sokna i Årdal som tenestestad: Wenche Lie Lysne

Sokneprest i Sogn prosti med sokna i Vik som tenestestad: Ole Kristian Hamre, under føresetnad av fullføring av praktikum og ordinasjon.

Prosjektprest i Ung katedral - St. Jakob, Bergen sentrum: Øyvind Rudolf Sønnesyn Berg (med atterhald om ordinasjon).

Sokneprest i Åsane prosti med Hamre og Hosanger sokn som tenestestad: Helle Maria Wolstad

Dei tilsette får 8 dagar på seg til å svara om dei tek imot stillingane.

Bjørgvin kirkelige fond 

Bjørgvin kirkelige fond forvaltar verdiar etter sal av bispedømerådet sine tidlegare kontorlokale. Bjørgvin bispedømeråd oppnemnde som styremedlemmer til Bjørgvin kirkelige fond:

  • Jan Ove Fjelltveit to år (2018-2019)
  • Eva Drageset to år (2018-2019)
  • Atle Sylvarnes eitt år (2018)

Vurdering av framtidige kontorforhold

Leigekontrakten for bispedømekontoret går ut om nokre år, og Bjørgvin bispedømeråd gjev administrasjonen fullmakt til å sjå vidare på moglege alternativ for framtidige kontorlokalar. I dette ligg også å fornye kontrakt der ein er i dag.

Bjørgvin bispedømeråd ønskjer å gå i dialog med styret i Bjørgvin kirkelige fond om korleis ein stiller seg til eventuelt å plassere kapitalen i mogleg eigedom.

Gjennomføring av effektiviseringstiltak på det merkantile området

Rettsubjektet Den norske kyrkja, som dekkjer kyrkjerådet sin adminstrasjon og alle bispedømekontora, har etter skillet frå staten blant anna fått nye datasystem som gjer det mogeleg å effektivisera drifta. Dette er eit stort arbeid som påverka mange tilsette og deira arbeidssituasjon. Fordi kvart bispedømeråd er arbeidsgjevar for sine tilsette, må kvart av dei gjera vedtak som gjer det mogeleg å samordna oppgåvene med den merkantile drifta i på tvers av dei ulike kontora.

Bjørgvin bispedømeråd sitt vedtak i denne saka var i samsvar med dei andre bispedømeråda som så langt har behandla saka, men hadde nokre ekstra element, blant anna eit ønske om at landsdekkende merkantile funksjonar blir desentralisert og fordelt på bispedømekontora.

Vedtaket står på bokmål fordi det byggjer på eit felles framlegg til vedtak for heile landet:

1. Bjørgvin bispedømmeråd slutter seg til effektiviseringsutvalgets innstilling med hensyn til samordning av telefoni, tilskuddsforvaltning, arkiv, lønn, regnskap og økonomi, og støtter opprettelsen av en fellesfunksjon for regnskap og lønn og en for arkiv.

Ansettelsesmyndigheten og arbeidsgiveransvaret relatert til disse funksjonene kan overføres fra bispedømmerådet til felles enheter i rettssubjektet Den norske kirke.

2. Bispedømmerådet støtter at det settes ned fem prosjektgrupper for ny organisering, behov og forutsetninger med sikte på implementering av omstilling i rDnk.

Vi ønsker at bispedømmerådene får prosjektgruppene sine resultat til uttale før endelig vedtak blir fatta.

3. Det er en forutsetning i det videre omstillingsarbeidet at bispedømmerådet beholder tilstrekkelig ressurser til å ivareta alle oppgaver og funksjoner som fortsatt tilligger biskop og bispedømmeråd.

4. Bjørgvin bispedømmeråd forutsetter at omstillingsarbeidet skjer i henhold til lov- og avtaleverk.

5. Som arbeidsgiver vil det være viktig å ivareta alle ansatte i denne prosessen. Oppsigelse av fast tilsatte må være absolutt siste alternativ i omstillingsprosessen.

6. Bjørgvin bispedømmeråd ønsker at landsdekkende merkantile funksjoner blir desentralisert og fordelt på bispedømmekontorene.

Strategi rundt samarbeidsstillingar

Bjørgvin bispedømeråd vil vere open for å ta arbeidsgjevaransvaret for prestestillingar der finansieringa er lokal. Bispedømerådet vil i slike tilsettingar delegere til stiftsdirektør å gje ei bindande innstilling. Stiftsdirektør har fullmakt til å gå inn i denne typen forhandlingar.

Valråd 

Neste kyrkjeval blir i september 2019, og bispedømerådet drøfta kriteria for medlemsskap i bispedømet sitt valråd som skal adminstrera valet i Bjørgvin. Bispedømerådet vil på eit seinare møte i år oppnemna medlemer til utvalet.

Samisk kyrkjeliv

Bispedømerådet har gjeve uttale til strategiplan for samisk kyrkjeliv.

Dei meiner bl.a at det er viktig at det er tilgjengeleg trusopplæringsmateriell på nettet i norsk-samisk utgåve som kan brukast av kyrkjelydar som sporadisk kjem i kontakt med born med samisk bakgrunn og at materiellet kan brukast av trusopplærarar/kyrkjelydspedagogar som ikkje kan samisk.

Sakliste

21/18   Oppnemning styremedlemmer Bjørgvin kirkelige fond

22/18   Vurdering av framtidige kontorforhold

23/18   Gjennomføring av effektiviseringstiltak på det merkantile området

24/18   Bjørgvin bispedømeråd sin strategi rundt samarbeidsstillingar

25/18   Valråd for kyrkjevalet i Bjørgvin bispedøme 2019 - orientering og innspel før oppnemning av utval

26/18   Høyringssvar på Strategiplan for samisk kyrkjeliv

Orienteringssaker

27/18 Kirkelig dialogsenter Bergen - Årsmelding 2017

Referatsaker

28/18   Delegerte vedtak - Bjørgvin bispedømeråd møte 15. mai 2018

Tilsettingssaker

29/18   Tilsetting av kapellan i Søreide sokn

30/18   Tilsetting av sokneprest i Vesthordland prosti med Tveit sokn som tenestestad

31/18   Tilsetting av kapellan i Fana prosti med Birkeland sokn som tenestestad

32/18   Tilsetting av sokneprest i Sogn prosti, med sokna i Årdal som tenestestad

33/18   Tilsetting av sokneprest i Sogn prosti med sokna i Vik som tenestestad

34/18   Tilsetting av prosjektprest i Ung katedral - St. Jakob, Bergen sentrum

35/18   Tilsetting av sokneprest i Åsane prosti med Hamre og Hosanger sokn som tenestestad