Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Bjørgvin bispedømeråd 19. oktober 2015

Bjørgvin bispedømeråd har vore samla til møte 19. oktober. Rådet har mellom anna tilsett tre prestar og gjeve fråsegn i fleire høyringar knytt til framtidig organisering av Den norske kyrkja.

Tilsetjingar
Bispedømerådet har gjort følgjande tilsetjingar:
Sokneprest i Nordfjord prosti med Eid og Stårheim sokn som tenestestad.
1. Knut Magne Dalsbø
Sokneprest i Åsane prosti med Salhus sokn som tenestestad.
1. Bernt Forstrønen
2. Fridleif Lydersen
Kapellan i Fana prosti med Skjold sokn som tenestestad.
1. Marte Håberg Ottesen
2. Kari Hop Fjæreide
3. Martin Aalen Hunsager
 
Økonomi
Bispedømerådet handsama og godkjent økonomirapporten for 2. tertial.
 
Høyringar
Bispedømerådet har gjeve fråsegn i fleire høyringar som er knytt opp til endringar i organisering av kyrkja i samband med overgangen frå statskyrkje til sjølvstendig kyrkje.  For fullstendige høyringsfråsegner, sjå protokollen (link nedst på sida).
 
Kyrkjemøtet sitt budsjettreglement
Bjørgvin bispedømeråd meiner mellom anna at dersom det skal setjast av midlar sentralt til å møta uføresette kostnader og til strategiske satsingar, må det vera snakk om promille, ikkje prosent av tildelinga. To prosent av midlane utgjer to til tre stillingar i kvart bispedøme. Omfordeling vil måtte synleggjere kva ein då vil prioritere, og synleggjere kva ein reduserer. Bjørgvin bispedømeråd er difor skeptisk til å sette av store uspesifiserte midlar til strategiske satsingar i den storleiken høyringsutkastet legg opp til.
 
Lærnemnd
Eit framlegg om å leggja ned Den norske kyrkja si lærenemnd får delvis tilslutnad frå Bjørgvin bispedømeråd. Eit fleirtal av bispedømerådet vil i staden at ein greier ut vidare eit framlegg om eit «Teologisk Råd». Ein tenkjer særleg at det er viktig at det i læresaker er ein viss avstand til Bispemøtet som samla organ. Skulle det visa seg at framlegget om eit Teologisk Råd ikkje får tilstrekkeleg oppslutnad, meiner Bjørgvin bispedømeråd at Bispemøtet også skal ha funksjon som læreorgan, og at det i slike tilfelle knyter til seg relevant kompetanse frå ulike fagområde.
 
Arbeidsgjevarspørsmål i samband med verksemdsoverdraginga - utkast til aktuelle regelverk 
Når kyrkja sjølv tek over arbeidsgjevaransvaret for tilsette i Kyrkjerådet sin adminstrasjon, ved bispedømekontora og for prestane, vil ein ha bruk for eit nytt tilsettingsreglement. Bispedømerådet meiner at tilsettingssreglement for bispedømekontortilsette og kyrkjerådstilsette i større grad kan samordnast enn det høyringsutkastet legg opp til. Som i kyrkjerådet, er det ikkje unaturleg at ein også i bispedømerådet har eit tilsettingsutval som gjer tilsettingar på alle stillingar ved bispedømekontoret med unntak av leiarstillingane.
 
Den norske kyrkja si klagenemd - oppretting av eit særskilt klageorgan i samband med verksemdsoverdraginga
Bispedømerådet meiner at klager på enkeltvedtak i hovudsak må følgja prinsippet i forvaltningslova om at klagen går til nivået over det nivået som fattar vedtak. For vedtak fatta av bispedømerådet eller biskopen, vil dette vera Kyrkjerådet.  
Når det gjeld klage på disiplinærvedtak overfor biskop, direktør og assisterande direktør i Kyrkjerådet og generalsekretær i Bispemøtet bør desse handsamast i eit eige klageorgan. Biskopen sine vedtak i saker av læremessig karakter og som ligg under tilsynet kan ikkje påklagast.
 
Etablering av eit nytt kontrollorgan for Kyrkjemøtet
Bjørgvin bispedømeråd er samd i at det bør opprettast eit nytt kontrollorgan for Kyrkjemøtet. Eit slikt kontrollorgan skal, på vegner av Kyrkjemøtet, ved sidan av den adminstrative internkontrollen, utøva kontroll med at Kyrkjerådet tek hand om dei omfattande funksjonane innan økonomiforvaltninga som er foreslått lagt til Kyrkjerådet når Den norske kyrkja ikkje lenger skal vera ein del av Statsforvaltninga. 
 
Samanslåing av familievernkontor
Bjørgvin bispedømeråd støttar forslaget om at stiftinga Bjørgvin familievernkontor kan slå seg saman med stiftinga Biskopshavn familievernkontor.
 
Klage på gravminne
Bjørgvin bispedømeråd har gjeve avslag på klage frå ein gravfestar som ikkje hadde fått godkjenning om å bruka logo for ein motorsykkelklubb på eit gravminne. Bispedømerådet støttar avslaget som var gjeve av fellesrådet og skriv i sitt vedtak at symbolet som var tenkt brukt, er av ein slik karakter at det ikkje høver seg på ein gravplass.
 
Sakliste
Godkjenning av innkalling og saksliste 
Godkjenning av møtebok
Tilsetting - Sokneprest i Åsane prosti med Salhus sokn som tenestestad
Tilsetting - Sokneprest i Nordfjord prosti med tenestestad i Eid og Stårheim sokn 
Tilsetting - Kapellan i Fana prosti med Skjold sokn som tenestestad 
Økonomirapport pr 2.tertial 2015 - kap 0340/3340 - post 01 drift 
Kyrkjemøtet sitt budsjettreglement - høyring 
Samanslåing av Bjørgvin og Biskopshavn familievernkontor 
Vidareføring av Lærenemnd for Den norske kyrkja 
Arbeidsgjevarspørsmål i samband med verksemdsoverdraginga - utkast til aktuelle regelverk 
Den norske kyrkja si klagenemnd - oppretting av eit særskilt klageorgan i samband med verksemdsoverdraginga 
Etablering av eit nytt kontrollorgan for Kyrkjemøtet 
Nysæter gravplass - Klage på vedtak - Gravminne 
Referatsaker

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30