Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Bispedømerådsmøte 20. oktober 2014

Bjørgvin bispedømeråd har vore samla til møte 20. oktober.  Det vart tilsett fire prestar, bestemt at bispedømerådsvalet 2015 skal vera ei blanding av direkte og indirekte val, og bispedømerådet gjorde ferdig ei høyringsfråsegn om stat- kyrkje.

Tilsetjingar

Følgjande prestar har fått tilbod om prestestilling:

  • Sokneprest i Alversund, Nordhordland prosti: Geir Øy.
  • Kapellan i Olsvik, Bergen domprosti: Nobukazu Imazu.
  • Kapellan i Søreide, Fana prosti: Lars Martin Hol
  • Sokneprest i Fjelberg og Eid, Sunnhordland prosti: Jan Ove Anders Totland

Tilbod om stilling vert sendt, og dei tilsette får 8 dagars frist på å melde om dei vil ta i mot stillinga. 

Kontroll over økonomien
Bjørgvin bispedømeråd har handsama økonomirapport pr 30.09.14. For presteskapet sin del viser prognosen eit forventa mindreforbruk på ca 1,2 millionar kroner. Frå 2013 tok ein med seg eit mindreforbruk på 2,8 millionar kroner. – Ein har altså brukt meir enn tildelinga, men dette er kontrollert, skriv administrasjonen i sakspapira til møtet. For bispedømekontoret viser prognosen eit mindreforbruk på ca 400 000 kroner. Frå 2013 tok ein med seg eit mindreforbruk på 471.000 kroner. – Det betyr at ein har halde eit aktivitetsnivå i samsvar med tildelinga, men at ein ikkje har brukt opp samla mindreforbruk, skriv adminstrasjonen.

Valråd for bispedømerådsvalet
Bjørgvin bispedømeråd oppnemner følgjande medlemmer til valråd for bispedømerådsvalet 2015 i Bjørgvin:

  • Håvard G Frøysa, student, medlem av Fyllingsdalen sokneråd, Bergen
  • Håkon Giil, pensjonist, Hyllestad
  • Tove Margrethe Nordmark, fagsjef Bergen kyrkelege fellesråd, Vaksdal
  • Olav Martin Vik, kyrkjeverje i Øygarden, Øygarden
  • Liv Bodil Østang, driftsleiar Stord kyrkjelege fellesråd, Stord

Vara

1. Inge Høyland, studentprest, Bergen
2. Britt Hernes, leiar Voss sokneråd, Voss

Indirekte val i Bjørgvin
Bjørgvin bispedømeråd vil ved bispedømerådsvalet i 2015 gjennomføra direkte val på fire leke medlemmer og indirekte val på tre leke medlemmer. Det medfører at ein ved kyrkjevalet i 2015 skal ha direkte val blant alle røysteføre den 13. septemer for fire av kandidatane, medan sokneråda skal velja dei tre siste innan 1. desember. Alterntivt opna valreglane for at alle leke kunne veljast direkte. I resten av landet er det nokre bispedøme som skal ha berre direkte val, medan andre har ei blanding, slik som Bjørgvin.

Høyring Staten og Den norske kyrkja
Bispedømerådet gjorde følgjande vedtak:
1. Bjørgvin bispedømeråd støttar hovudinnhaldet og intensjonane i Kulturdepartementet sitt høyringsnotat. Særleg vil vi peike på at det er føremålstenleg å lovfesta prestane sitt sjølvstendige ansvar for si teneste jfr §2. Likeeins støttar vi stadfestinga av at biskopane framleis kan utøva si rolle som eit særskilt organ i kyrkja.

2. Bjørgvin bispedømeråd vil foreslå å endre forslag til §23 ved å stryke «eller Kirkerådet». Bjørgvin bispedømeråd meiner derimot at Kyrkjemøtet kan fastsette at Kyrkjerådet kan delegere definerte oppgåver til bispedømeråda på områder ein finn det føremålstenleg.

3. Bjørgvin bispedømeråd vil understreke at omstillingsprosessar vil ha ein meirkostnad dei første åra, før ein får tatt ut den planlagde gevinsten. Det er ikkje forsvarleg å undervurdere dette. Bjørgvin bispedømeråd vil stille spørsmålsteikn ved om framdrifta som høyringsnotatet legg opp til kan oppretthaldast, om ikkje det blir stilt ressursar til omstillingsarbeidet.

4. Det grunnleggande kravet om å vere ei landsdekkjande folkekyrkje krev finansiering ved rammetilskot frå staten. Ein ser ikkje for seg at det vil vera i tråd med folkekyrkja sitt preg å innføra ei eiga medlemsavgift.

Heile høyringsfråsegna fin du som eiga dokument nedst på denne sida.

Sakliste 

Godkjenning av innkalling, saksliste Godkjenning av møtebok Sokneprest i Alversund, Nordhordland prosti
Kapellan i Olsvik, Bergen domprosti
Kapellan i Søreide, Fana prosti
Sokneprest i Fjelberg og Eid sokn, Sunnhordland prosti
Økonomirapport pr 30.09.14, kap 0340/3340, Bjørgvin bispedøme
Oppnemning av valråd for bispedømerådsvalet 2015
Kyrkjevalet 2015 - Bjørgvin bispedømeråd - indirekte eller direkte val
Høyring Staten og Den norske kirke - et tydelig skille
Referatsaker
Orienteringssaker

Protokollen er ikkje klar. Blir lagt på denne sida i veke 44.

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30