Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Bispedømerådet valde namn på nytt prosti

Bjørgvin bispedømeråd har vore samla til møte 24. november. Dei gjorde mellom anna vedtak om at det nye prostiet i Bergen skal heita Bergensdalen prosti.

Det nye prostiet vil omfatta sokna Sælen, Fyllingsdalen, Bønes, Storetveit, Slettebakken, Landås, Årstad, Fridalen og Løvstakksiden. Dato for når det nye prostiet skal vera i funksjon, er ikkje endeleg bestemt.

Budsjett
Økonomien til bispedømet vart drøfta, og bispedømerådet gav innspel til det vidare arbeidet med budsjett og årsplan for 2017. Saka kjem opp til endeleg vedtak i møte 20. februar 2017.

Kandidatar til råd og utval
Bjørgvin bispedømeråd vil føreslå følgjande namn til KA (Kyrkjeleg arbeidsgjevarorganisasjon) sitt landsråd
1. Jan Ove Fjelltveit
2. Inger Helene T Nordeide
3. Karl Johan Kirkebøe
Lista er ikkje prioritert.

Bjørgvin bispedømeråd har vedteke forslag til namn til Dnks nye klagenemnd og Dnks nye kontrollutval.
Vemund Øiestad til kontrollutvalet
Egil Morland til klagenemd


Avtale mellom Bjørgvin bispedøme og SMM ("Samarbeid menighet og misjon")
Bjørgvin bispeømeråd gjorde vedtak om ny regional SMM-avtale mellom SMM-rådet og Bjørgvin bispedøme for perioden 1.1.2017 – 31.12.2021.

Høyring samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland fylke
Bjørgvin bispedømeråd skriv at dei følgjer prosessen med samanslåing av fylka med interesse, og vil i neste runde sjå på kva følgjer og konsekvensar dette kan få for kyrkja.

Rutine for tilsetting - utlysingstekst
Bjørgvin bispedømeråd har drøfta spørsmålet rundt i kva grad ein skal etterspørje samlivsform og vektlegge dette ved tilsetting og vedtek at utlysningstekst fortsatt skal innehalde setninga "Samlivsform kan bli etterspurt og vektlagt".

Rekrutteringsutval
Bjørgvin bispedømeråd har eit eige rekrutteringsutval, og i møtet fekk dei ein rapport frå arbeidet til dette uvalet. Innspel frå rapporten blir tatt med i arbeidet med årsplan og budsjett for 2017.