Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Møte i Bjørgvin bispedømeråd 3. april

Bjørgvin bispedømeråd tilsette i møte 3. april sokneprest i Voss fellesrådsområde og fengselsprest i Vik.

Raymond Cato Torsvik vart tilsett som sokneprest i Vinje, Oppheim og Raundalen sokn, med teneste i heile Voss fellesrådsområde. Stein Arne Larsson vart tilsett som fengselsprest i Vik og prostiprest i Sogn prosti.

Tilskot til diakoni og undervisning

Bispedømerådet forvaltar statlege midlar til lokale stillingar innanfor diakoni og undervisning. Bjørgvin bispedømeråd vil stramme inn praksisen i høve til Tjenesteordning for kateketer og diakoner §4; «Dersom det ikke melder seg søkere som oppfyller kvalifikasjonskravene, kan bispedømmerådet for stillinger med statlig finansiering godkjenne at stillingen midlertidig omgjøres til annen stilling innen kirkelig undervisning / diakoni»).

Det vert løyvd tilskot til desse stillingane. Dersom den tilsette ikkje er kvalifisert kateket eller diakon, vert taket på tildelinga 90 prosent, når det er kyrkjelydspedagog eller diakonimedarbeidar i stillinga. Den faktiske tildelinga kan bli mindre, avhengig av dei reelle lønsutgiftene.

Der kompetansekravet til menighetspedagog ( min. 30 studiepoeng kristendom og 30 studiepoeng pedagogikk )  i undervisningsstillingar ikkje er innfridd, vert taket for tilskotet avgrensa inntil 80 prosent. Desse  kvalifikasjonskrava er i tråd med kyrkjemøtet sitt vedtak frå 2015.

Der det ikkje ligg føre skriftleg avtale med bispedømerådet , i høve til Tenesterordninga, skal det frå 2018 ikkje utbetalast tilskot.  

Årsrapport

Bispedømerådet godkjende årsrapporten for 2016. Sjå lenke til årsrapporten nede på sida.

Utnemningar

Bjørgvin bispedømeråd vel Karl Dag Bærug som utvalsmedlem i Bjørgvin diakoniutval til erstatning for Lisbeth Sunde. Nytt diakoniutval i Bjørgvin bispedøme for perioden 2015 – 2019 vil då bestå av:

1. Guri Kaland Sværen (kyrkjeverje Døve sin kyrkjelyd Bergen)

2. Rita Eldholm (soknediakon Åsane kyrkjelyd)

3. Jorunn Bakke Nydal (musikkterapeut Sogn og Fjordane fylkeskommune)

4. Trygve Stabrun (bymisjonsprest Kirkens bymisjon

5. Hildur Løkken Lillestøl (kateket Os kyrkjelyd)

6. Karl Dag Bærug (nestleiar Kirkens SOS Bjørgvin

 

Bjørgvin bispedømeråd oppnemner følgjande styremedemmer til Bjørgvin kirkelige fond

Ola Honningdal Grytten for 2 år (ut 2018)

Asgeir Remø for 2 år (ut 2018)

Atle Sylvarnes for 1 år (ut 2017)