Resultatet av bispedømerådsvalet i Bjørgvin

Røystene frå direktevalet av medlemer til Bjørgvin bispedømeråd for perioden 2016 –2019 er ferdig talde.

Medlemene i Den norske kyrkja i Bjørgvin bispedøme har valt fire leke medlemer. Det er òg valt eit lekt kyrkjeleg medlem mellom dei tilsette i fellesråda i bispedømet og ein prest mellom dei tilsette prestane i bispedømet. Biskopen er fast medlem av bispedømerådet.

Totalt 54 206 røystesetlar vart talde, 409 vart forkasta. Av dei godkjende røystesetlane er 18273 uretta og 35524 retta. Dette medfører at alle kandidatane har fått 53797 røyster, i tillegg til veljarane sine tilleggsrøyster.

Desse vart valde

Leke medlemer  (medlemer av kyrkja, ikkje tilsette)

Nora Sætre Baartvedt, (21), Voss, student. 17171 tilleggsrøyster.
Karl Johan Kirkebø, (65), Bønes, marknadsdirektør. 12835 tilleggsrøyster.
Vemund Atle Øiestad, (67), Stryn, tannlege. 9729 tilleggsrøyster.
Inger Helene Thingvold Nordeide, (54), Førde, sjølvst. næringsdrivande. 8831 tilleggsrøyster.

Innan 1. desember 2015 skal dei nyvalde sokneråda i velje tre leke medlemer frå dei kandidatane som står att på den same lista som vart nytta ved direkte val. Bjørgvin bispedømeråd har, som for kyrkjevalet i 2009 og 2011, gjort vedtak om at alle sokn i bispedømet ved sokneråda skal medverke til samansettinga av bispedømerådet. Kven som blir dei sju leke varamedlemene, blir først klart etter at begge valomgangar er gjennomførte.

I Bjørgvin bispedøme har 13,4 % av 394453 medlemer i Den norske kyrkja røysta i direktevalet av leke medlemer til bispedømeråd / Kyrkjemøtet. Dette er ein auke frå valet i 2011 då 11,12 % røysta ved bispedømerådsvalet.

Lek kyrkjeleg tilsett medlem
Beate Husa, (44) Sund, kyrkjeverje. 154 røyster. Medlem.
Arne Tveit, (53) Bergen kyrkjelege fellesråd, Kyrkjebyggsjef. 138 røyster. Varamedlem.

396 leke tilsette med røysterett har røysta. Ved valet i 2011 var det 348 som røysta.

Geistleg medlem (prest)
Ivar Braut, (59) Birkeland, sokneprest. 90 røyster. Medlem.
Kjersti Brakestad Boge, (42) Voss, kapellan. 47 røyster. Varamedlem.

150 prestar av 195 med røysterett har røysta. Dette er ein valoppslutnad på 77 prosent. Ved valet i 2011 var det 139 prestar som røysta.

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30