Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Bjørgvin bispedømeråd appellerer til Stortinget

Bjørgvin bispedømeråd har starta arbeidet for å få balanse i rekneskapen. I møte 19. april gjorde dei vedtak om å be Stortinget styrka bispedøma sin økonomi.

«Bjørgvin bispedømeråd er kome i ein økonomisk vanskeleg situasjon som i hovudsak er grunna avtalar framforhandla sentralt og som ikkje er fullfinanisierte,» heiter det i vedtaket frå bispedømerådet.  

– Dersom ein ikkje får auka tildeling vil dette svekke prestetenesta, særleg i distrikta, meiner bispedømerådet som vil be Stortinget om å styrke bispedøma sin økonomi etter kva avtalane faktisk kostar.

Samstundes vil bispedømerådet på kort sikt gjennomføra nokre mellombels innstrammingstiltak. Eit partssamansett utval vil dessutan sjå på kva tiltak ein kan gjera på lengre sikt. Utvalet er sett saman av to frå bispedømeadministrasjonen, ein prost og tre tillitsvalde. Rådet ber stiftsdirektøren fremje ein tiltaksplan så raskt som mogleg.

Færre beredskapsområde

Eit konkret innsparingstiltak er å redusera talet på beredskapsområde. Dette er område der ein prest har vakt utanom vanleg arbeidstid i tilfelle ein prest må rykka ut ved ulukker, dødsfall og liknande.

Bjørgvin bispedømeråd vil tilrå at det vert sett i verk forhandlingar med dei tillitsvalde om å redusere talet på beredskapsområda.

Vurderer nytt prosti

To av prostia i Bergen, Bergen domprosti og Fana, er for store til at prostane har kapasitet til å følgja opp alle prestane på ein god nok måte. Bispedømerådet ber difor administrasjonen om å starte utgreiing av ny prostistruktur med fire prosti i Bergen. Ei mogeleg løysing er å oppretta eit prosti i området mellom Fana og Bergen sentrum.

Selja kan bli ein del av Møre

Kommunane Vågsøy, Selje og Vanylven kan bli slått saman til ein kommune. Dersom denne kommunen blir ein del av Møre og Romsdal fylke, vil heilagstaden Selja høyre til Møre bispedøme.

Bispedømerådet meiner at dette vil vere eit symbolsk tap for Bjørgvin bispedøme.  – Samstundes er denne heilagstaden ein felles nasjonal arv, og slik sett ser vi ikkje at dette kan vere eit vesentleg argument mot ei slik grensejustering. Kva folk i dei lokale kommunane meiner om kommunereformen og grensjusteringa må vega tyngst, meiner bispedømerådet.

Oppnemningar

Styremedlem - Bjørgvin kirkelige fond for to år

1. Kjerstin Fyllingen

2. Jan Ove Fjelltveit

 

Kyrkjemusikalsk utval i Bjørgvin 2016 – 2019

Kjetil Almenning, domkantor i Bergen (leiar)

Henny Koppen  - prostiprest i Nordfjord

Tonje Eriksen Askeland, kantor i Biskopshavn

Ivar Mæland – kantor i Ytrebygda

 

Representantar i Kirkelig dialogsenter sitt styre for perioden 2015 - 2019

Øystein Skauge. Personleg vara: Hans Jørgen Morvik  

Line Berggreen Jacobsen. Personleg vara: Gudmund Waaler 

 

OVF-midlar 

Bjørgvin bispedømeråd utbetalar samla kr 915.625,- i  midlar frå Opplysningsvesenets fond (OVF) i samsvar med administrasjonen sitt framlegg. I denne summen er det sett av 100.000 kroner i støtte til misjonskonsulentstilinga i bispedømet.

For 2016 er det framleis ei prioritering av barne- og ungdomsrelaterte prosjekt. Samstundes er prosjekt som skal fremje arbeid i kyrkjelyden for flyktningar og innvandrarar blitt løfta fram pga den aktuelle flyktningekrisa. Det vert gjeve stønad til kulturprosjekt og kyrkjemusikalske prosjekt med diakonal profil og prosjekt som følgjer opp bispevisitasar. Satsinga på Ung katedral - St. Jakob vert også vidareført med 100.000 kr

For detaljar om tildelinga, sjå link nedst på sida

Reformasjonsbyen Bergen 2017

Bergen ved Bjørgvin bispedøme har teke på seg oppdraget med å vere vertskap for ein større reformasjons-installasjon som skal på rundreise til 68 byar i Europa. Bergen blir Noreg sin reformasjonsby i 2017 og installasjonen kjem til Bergen 4. mars 2017. I dagane rundt dette besøket og i reformasjonsåret elles vil det bli ei mengd aktivitetar som Bjørgvin bispedøme delvis skal koordinera.

Bjørgvin bispedømeråd gjev stiftsdirektør fullmakt til å godkjenne budsjettet for  bispedømerådet sine ansvarsområde i markeringa av reformasjonen (R2017). Risiko ved søknader frå eksterne kjelder må ligge på under kroner 250.000. Bispedømerådet oppnemner rådsleiar Inger Helene Nordeide, med Karl Johan Kirkebø som vara, til styringsgruppa for markeringa.

 

Sakliste

Godkjenning av innkalling og saksliste

Godkjenning av møtebok

Innsparingstiltak midlertidige vedtak

Innsparingstiltak beredskapsområder

Vurdering av å opprette eit nytt prosti i Bergen

Delegasjonsreglement for Bjørgvin bispedømeråd

Uttale - Endringar ved kommunereform og grensejustering mellom to fylker

Oppnemning styremedlem - Bjørgvin kirkelige fond

Oppnemning av nye medlemmar til Kyrkjemusikalsk utval i Bjørgvin (BKMU)

OVF-Søknadar 2016

Reformasjonsbyen Bergen 2017  - Styring -  Program - Struktur  - Budsjett

Oppnemning – Styremedlem Kirkelig dialogsenter Bergen

Eierskap og eierskapsrollen i Kirkens Nødhjelp

Orienteringar

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30