Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Bispedømerådet tilsette tre prestar i Bergen

Bjørgvin bispedømeråd tilsette sokneprest i sokna Slettebakken, Landås og Fridalen i Bergen på møtet sitt 23. mai 2017

Som sokneprest i Slettebakken vart det gjort følgjande tilsetting:

  1. Thor M. Brekkeflat
  2. Bjørn Moe
  3. Knut Kaldestad

Som sokneprest i Landås

  1. Åse Kristin Nøkling Aagaard
  2. Knut Kaldestad
  3. Bjarte Nese

Som sokneprest i Fridalen

  1. Åse Kristin Nøkling Aagaard
  2. Knut Kaldestad
  3. Bjørn Moe

Dei tilsette får åtte dagar på seg til å bestemma om dei tek imot stillinga.

Økonomi

Den økonomiske situasjonen i bispedømet var tema då bispedømerådet fekk lagt fram økonomirapport for første del av året og budsjett for 2017. Bjørgvin bispedømeråd vedtek budsjett 2017.  Budsjettet har ei total ramme på kr 159.336.000.   Med ny organisasjon utanfor Staten, er det framleis ein del av den økonomiske stoda og fordelinga som ikkje er avklart, så budsjettet vil bli revidert seinare i år. Økonomien er stram, men ein ser ingen grunn til å iverksetja ytterlegare innstramming på noverande tidspunkt.

Valreglar

Valreglane for sokneråd, bispedømeråd og kyrkjemøtet er ute på høyring. Bispedømerådet hadde ein første samtale om saka før dei gjer vedtak om endeleg høyringssvar på neste møte 15. juni.

Forsøk knytt til organisering av Den norske kyrkja

Kyrkjemøtet har vedteke ei opning for forsøk med ulike alternative arbeidsgjevarorganiseringar mellom fellesråd og bispedømeråd.  Bispedømerådet drøfta rammene for bispedømet sin administrasjon i høve til slike forsøk.  Bjørgvin bispedømeråd vil at administrasjonen skal vere open for forsøk både i Bergen og i distrikta for mogleg utprøving av ulike modellar for arbeidsgjevarorganisasjonen.

Stiftinga Familiekontoret i Nordfjord

Framlegg til nye styremedlemer 01.06.2017 - 31.05.2021:

Anne Stubbdal, Nordsida, personleg vara: Kari Melvær Vadøy, Bremanger       

Klaus Iversen, Raudeberg, personleg vara: Gunn Helgesen, Selje

Høyring om Forskrift om Den norske kirkes medlemsregister

Bjørgvin biskop og bispedømeråd skriv at ein er stort sett samd i framlegget til ny forskrift, men at ein har nokre merknader:

Det er viktig at forskrifta bidrar til å kvalitetssikra informasjonsinnsamlinga heilt frå utført handling til registrering, difor blir det uheldig å ta bort henvisinga til informasjonsplikta til den som utfører dei handlingane som skal registrerast.

Tidlegare var dette kyrkjebokførande prest sitt ansvar. Det materielle innhaldet i ordet «kyrkjebokførar» er no som før: «plikt til å registrera eller bidra til registering av dei kyrkjelege handlingar, jfr. Tjenesteordning for menighetsprest §13.

I framlegget til ny forskrift §3 vert «Kirkebokfører» definert som: «den som er ansvarlig for å gjennomføre kirkelige handlinger», men ordet er ikkje brukt i forskrifta. Dette vert grunngjeve med at  «kyrkjebokførar» betyr noko anna etter at det vart slutt med papirkyrkjebøker i 2012 og fellesrådet fekk lokalt behandlingsansvar.

Det vil då vera meir i samsvar med intensjonen i forskrifta at ein heilt tar vekk ordet «kyrkjebokførar» i staden for å omdefinera det. Samtidig er det viktig å ta vare på plikta til å bidra til registrering.

I noverande forskrift §8 står det:

«Den ansvarlige for kirkebokføringen plikter å gi melding til den som ivaretar det daglige ansvaret for medlemsregisteret i vedkommende sokn om dåp, konfirmasjon, vigsel til ekteskap, jordfestelse (gravferdsseremoni) ved prest i Den norske kirke samt inn- og utmeldinger av Den norske kirke.»

Kyrkjerådet foreslår å ta bort denne formuleringa fordi dei meiner at det ikkje samsvarar med praksis. Det kan nok vera riktig i delar av landet, men er ikkje riktig over alt, praksis er ulik og særleg i mindre fellesråd kan ein vera meir avhengig av aktiv informasjonsformidling frå prest.

Vårt framlegg er at ein i ny §10, som erstattar noverande §8, legg til eit fjerde ledd. Vårt forslag til formulering tar ikkje med ordet kyrkjebokførar, men kombinerar formuleringa i ny §3 med den noverande §8, men utelater orda «ved prest» fordi nokre kyrkjelege handlingar også kan utførast av andre vigsla grupper: «Den som er ansvarlig for å gjennomføre kirkelige handlinger plikter å gi melding til den som ivaretar det daglige ansvaret for medlemsregisteret i vedkommende sokn om dåp, konfirmasjon, vigsel til ekteskap, jordfestelse (gravferdsseremoni) i Den norske kirke samt inn- og utmeldinger av Den norske kirke.»

Vi er og samde i ny § 13 i framlegget, at det kan fastsetjast utfyllande retningslinjer. Det er eit behov for det når soknepresten ikkje lenger er kyrkjebokfører og ansvarleg for korleis opplysningar vert ført og for å avgjera tolkingsspørsmål. Dette gjeld særleg spørsmål knytta til føring av fadrar og i kva grad ein kan føra inn ekstra eller sletta.