Bispedømerådet drøfta vigselsliturgi

Vigselsliturgi og forbønsliturgi for likekjønna og ulikekjønna par var tema då Bjørgvin bispedømeråd hadde eit kort møte 23. august.

Bispedømerådet hadde nokre merknader til liturgiforslaga, sjå protokoll (link nedst på sida).

Kyrkjeleg utdanningssenter i i Nord (KUN) er underlagt Universitetet i Oslo. Etter at kyrkja går ut av staten, treng ikkje staten lenger noko utdanning til kyrkjeleg teneste. Etter ei høyring konkluderete likevel departementet at KUN skal overførast til rettssubjektet Den norske kyrkja. Bispedømerådet har sendt eit høyringssvar til reglementet for KUN som no er under utarbeiding i kyrkjerådet. Bispedømerådet presiserer bl.a. at rektor må vera ordinert prest (cand.theol).

Lokale forhandlingar
Bispedømerådet drøfta føringar for lokale forhandlingar og lokal lønspolitikk. Stiftsdirektøren har fullmakt til å føre drøftingane og forhandlingane etter delegasjon.

Innsparingstiltak
Administrasjonen og eit partssamansett utval har arbeidd med innsparingstiltak i bispedømet. Bispedømerådet fekk ein statusrapport frå dette arbeidet.

Nytt prosti
Det er gjort vedtak om å oppretta eit nytt prosti i området mellom Bergen sentrum og Fana. Det er enno ikkje gjort endeleg vedtak om grensene for prostiet, og bispedømerådet fekk ein statusrapport om dette.

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30