Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Bjørgvin bispedømeråd 24. oktober 2016

Bjørgvin bispedømeråd har i møte 24. oktober tilsett prost i Fana prosti og sokneprest på Voss.

Prost i Fana

Bjørgvin bispedømeråd tilsette Kristin Sævik Litlere som prost i Fana prosti. Ho er i dag sokneprest i Fridalen.

Sokneprest på Voss

Bjørgvin bispedømeråd tilsette Kjersti Brakestad Boge som sokneprest i Hardanger og Voss prosti med sokna i Voss kommune som tenestestad. Ho er i dag kapellan på Voss.

Dei tilsette får 8 dagar på seg til å svara om dei tek imot stillingane.

Rutiner for utlysing av stillingar

Bispedømerådet nytta også møtet til å sjå på rutinene for utlysing av stillingar i bispedømet. Dei vart sist revidert i 2014, og det nye bispedømerådet ønskjer å halda fram med dei same rutinene, men har bede om ei juridisk utgreiing om høve til å legge vekt på samlivsform, og ber om at denne delen av saka kjem opp att i januarmøtet.

Kriterier for tildeling av OVF-midlar.

Bispedømerådet vedtek årleg kva tiltak i kyrkjelydane som etter søknad får tildelt midlar frå Opplysningsvesenets fond (OVF).  I møtet sitt i april ba bispedømerådet administrasjonen om å foreslå kva tiltak som skal prioriterast ved tildelinga for 2017. Bispedømerådet gjorde vedtak om følgjande prioritering:

  1. Prosjekt innanfor det  kontinuerlege barne- og ungdomsarbeidet.
  2. Leiartreningsprogram. Det trengs leiarar både i det kontinuerlege barne- og ungdomsrabeidet, i konfirmantarbeidet og trusopplæringsarbeidet. Det er også slik at leiartrening har stor rekrutteringseffekt mot seinare kyrkjeleg teneste. Prosjekt som legg vekt på systematisk leiartrening, med kvalitet i innhald vil difor bli priorititert svært høgt. Det blir vektlagt tiltak som har inntil tre års horisont.
  3. Reformasjonsmarkeringa i Bjørgvin vil i 2017 bli prioritert. Dette då på kulturdelen av prioriteringane.
  4. SMM-avtale vidareførast.
  5. Kyrkjeleg dialogarbeid
  6. Diakonale prosjekt med tanke på eit mogleg diakoniens år i 2018
  7. Kyrkjelydsutvikling
  8. Andre tiltak

Kommunikasjonsstrategi

Bjørgvin bispedømeråd ber om at Kommunikasjonsstrategi for Bjørgvin bispedømeråd/Biskopen i Bjørgvin blir revidert til ny versjon som skal gjelda frå april 2017.

Økonomirapport pr 30.september

Årsprognosen for drift viser eit meirforbruk på kr 3 200 000.  Dette er eit mindre meirforbruk enn det ein varsla i mars. I saksframlegget til møtet skriv adminstrasjonen at det er positivt at ein nærmar seg balanse, for då får ein mindre nedtrekk på tildelinga for 2017. På den andre sida er det negativt fordi innsparingane har gått ut over samfunnsoppdraget til kyrkja: Byggja kyrkjelydar og yta presteteneste til folket i Bjørgvin bispedøme.