Innsparingstiltak og tilsetjingar i bispedømerådet

Innsparingstiltak og to tilsetjingar var hovudsakene då Bjørgvin bispedømeråd var samla til møte i Trondheim 5. april, dagen før kyrkjemøtet startar.

Dei økonomiske utfordringane er den første motbakken det nye bispedømerådet møter i sin fireårsperiode. Det ligg an til eit underskot på over sju millionar kroner, og bispedømerådet fekk difor på bordet ulike tiltak for å spara utgifter.
Bispedømerådet drøfta tiltaka og vil arbeida vidare med dette fram mot neste møte 19. april. Då er målet å fatta vedtak om naudsynte kortsiktige tiltak og starte arbeidet med langsiktige grep.
– Dette arbeidet vil skje i tett kontakt med dei tillitsvalde, seier stiftsdirektør Jan Ove Fjelltveit.

Trass i den vanskelege økonomien, tilsette bispedømerådet to prestar. – Nordfjord og Sunnfjord prosti har ein pressa personalsituasjon. Sjølv om vi må spara pengar og det kunne vera aktuelt å la stillingar stå ledige, har bispedømerådet vedteke å tilsetja nye prestar. Begge prostia vil likevel ha minst ein vakanse kvar i året som kjem, seier stiftsdirektøren.

I stillinga som sokneprest i Nordfjord prosti med Eid og Stårheim sokn som tenestestad vart Øystein Mathisen tilsett.

I stillinga som spesialprest i Sunnfjord prosti med Førde sokn og Holsen og Haukedalen sokn som tenestestad vart Erling Nydal tilsett.

Sakliste

Godkjenning av innkalling og sakliste
Godkjenning av møtebok
Innsparingstiltak i møte med økonomiske utfordringar
Tilsetting av sokneprest i Nordfjord prosti med Eid og Stårheim sokn som tenestestad
Tilsetting av Spesialprest for unge med Førde sokn og Holsen og Haukedalen sokn som tenestestad

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30