Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Bispedømerådsmøte 17. februar

Bjørgvin bispedømeråd har i møte 17. februar tilsett rådgjevar for inkluderande kyrkjeliv, vedteke tildeling av OVF-søknader, slått saman Vike og Ostereidet sokn, bestemt soknegrenser i Fjell og gjort fleire andre vedtak.

Rådgjevar for for inkluderande kyrkjeliv

I stillinga som rådgjevar for inkluderande kyrkjeliv har bispedømerådet tilsett sokneprest Roar Strømme. Dette er stillinga som tidlegare hadde nemninga "Rådgjevar for arbeid med utviklingshemma." Tilbod om stilling vert sendt, og den tilsette får 8 dagars frist på å melde om han vil ta i mot stillinga. 

Økonomi og planar

Bjørgvin bispedømeråd tek til vitande økonomirapport som viser eit  reelt mindreforbruk på kr 546.000 i høve til tildelinga for 2014. 

Vedteke budsjett for 2015 viser at kyrkjeleg administrasjon (bispedømekontoret) har ei ramme på 16.440.000 kr og presteskapet har ei ramme på 117.635.000 kr.

Bispedømerådet vedtok også årsplan 2015 for bispedømerådet sin administrasjon.

OVF-midlar 

Bjørgvin bispedømeråd utbetalar samla kr 880.625, i  midlar frå Opplysningsvesenets fond (OVF) i samsvar med administrasjonen sitt framlegg, og det vert ekstra utlysning på midlar til "Søsterkyrkjer i Sør".

I denne summen er det sett av 100.000 kroner i støtte til misjonskonsulentstilinga i bispedømet,11 av prosjekta gjeld arbeid blant born og unge, 12 diakoni, åtte kyrkjemusikk og kultur og seks gjeld gudstenesteliv.  OVF-midlar blir også  i år brukt til å støtta Ung katedral - St. Jakob med 100.000 kr

Representantar til Kirkens bymisjon

Innstilling på kandidatar til Stiftelsen Kirkens Bymisjon i Bergen sitt representantskap: 
Fast medlem 2015-2017: Mette Nora Sætre, Bjørn Nygård, Vetle Karlsen Eide
Vara medlem 2015-2017: Marit Bjørsvik, Nils Ivar Honningdal.

Samarbeidsavtale for prosjekt Kystpilegrimsleia 

Bjørgvin bispedømeråd godkjende samarbeidsavtalen for Prosjekt Kystpilegrimsleia 2014-2016 der bispedøma og fylkeskommunane langs kysten frå Rogaland – Nidaros går saman om å løfte fram eigenarten ved kulturhistorie, kyrkjehistorie og kristentru langs kysten.

Samanslåing av Ostereidet sokn og Vike sokn

Bispedømerådet har slått saman Vike sokn og Ostereidet sokn med verknad frå 1. januar 2016. Namn på det nye soknet vert Osterfjorden sokn. Dei to sokneråda har denne valperioden ei forsøksordning med felles sokneråd.

Soknegrenser i Fjell

Bispedømerådet har tidlegare gjort vedtak om at Fjell sokn skal delast i tre, sokn Fjell, Foldnes og Landro. I dette møtet vart grensene mellom dei tre sokna fastsett. Det var særleg for krinsane Spjeld og Bildøy at det var alternative løysingar. Spjeld blir lagt til Landro og Bildøy til Fjell.

 

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30