Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Biskopen med brev til kyrkjelydane om flyktningesituasjonen

– Flyktningkrisa utfordrar oss alle. Framande menneske på flukt kjem til oss. No vert våre grunnleggjande, kristne verdiar sette på prøve. Dette skriv biskop Halvor Nordhaug i eit brev til kyrkjelydane i Bjørgvin.

Biskopen har skrive brev til kyrkjelydane og samstundes sendt ut ei kunngjering som kan lesast opp i kyrkjene.

Alle kan hjelpe

Biskopen oppmodar til at ein tek kontakt med kommunen si flyktningeteneste for å høyra kvar det er bruk for hjelp.

Kompetanse som truande

– Dei fleste av flyktningane kjem frå samfunn der religion spelar ei langt større og tydelegare rolle enn hos oss. Som kristne veit vi kva det er å vere truande. Slik har vi ein særskilt kompetanse og ansvar for å møte flyktningane også som religiøse menneske, skriv biskopen. Han viser til at mange flyktningar er kristne og treng ein kristen fellesskap. Andre tilhøyrer andre religionar. – Dei kan vi møte med kristen integrite og openheit. Og alle flyktningane og landa deira ber vi for i kyrkja, skriv han.

Rikdomen i den menneskelege fellesskapen

– I ord og gjerning kan vi vere med på å gje medmenneske i ein svært krevjande situasjon framtid og håp. Slik får vi også høve til å oppleve rikdomen i den menneskelege fellesskapen, og det gode og verdfulle som dei som kjem kan tilføre både den einskilde og samfunnet, skriv biskopen til kyrkjelydane.