Debattopptak - Kyrkja i det offentlege rom

Biskopen inviterte til debatt på haustens første "Luther øre" på Litteraturhuset i Bergen 13. september. Sjå samtalen på video her.

Tema for debatten var "Kyrkja i det offentlege rommet", og det meste av debatten kom til å handla om på kva måte kyrkja har eller bør ha ei politisk stemme i det offentlege ordskiftet.

Professor i historie, Knut Dørum fortalde i si innleiing at kyrkja blir skulda for å vera radikal og politisk vridd. Sjølv meinte han at ein like gjerne kan sjå på kyrkja sitt engasjement som ei revitalisering av tradisjonen meir enn radikalisme. 

Byråd Anna Elisa Tryti, politisk redaktør i BT Frøy Gudbrandsen og biskop Halvor Nordhaug var alle samde i at kyrkja kan vera politisk utan å vera partipolitisk. - Eg synest det er mykje verre at kyrkja ikkje meiner noko, enn at den provoserer, sa Gudbrandsen, som likevel minna om at sterke politiske meiningar kan virka ekskluderande. Byråden minna om at kyrkja må sjå andre sine problem og ikkje vera innkrøkt i seg sjølv. 

Biskopen meinte at engasjementet for menneskeverdet er vanskeleg å plassera på ein polisk akse frå venstre til høgre.

Kyrkja sin konkrete plass i det offentlege rommet var lite framme i debatten, men biskopen fekk fremja eit ønskje overfor byråden om at området ved Korskirken i Bergen etter ei komande renovering må bera preg av tekstane til Johan Nordahl Brun som blant anna skreiv både Bergenssangen "Jeg tok min nystemte" og salmen "Jesus lever, graven brast."

Sjå video av samtalen her:

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30