Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Nasjonal konferanse om verdighet

– Skal det stå diakonikonferanse eller berre konferanse? Vetle Karlsen Eide arbeider med ein annonse for ein heilt ny konferanse i Bergen og prøver å formulera seg slik at annonsen når fram. – Vi trur jo dette vil vera interessant for mange frå ulike samanhengar. Det skal i alle fall stå "Verdighet" for det er temaet, seier han. 

Vetle Karlsen Eide er rådgjevar for diakoni i Bjørgvin. Han har saman med Rollaug Waaler, forstanderinne på Haraldsplass, og Greta Gramstad, leiar i Kirkens SOS Bjørgvin, tatt initiativet  til å samla alle som jobbar med diakoni i Bergensområdet i eit uformelt nettverk, «Diakoni i Bjørgvin». Dei samlast til frukostmøte fire gonger i året. Vetle er ein handlingens mann, og no har han saman med dette nettverket dratt igang den nye "Bjørgvin diakonikonferanse".

– Kven er det for?

– Den er for tilsette og frivillige frå kyrkjer, organisasjonar og institusjonar som er engasjert i diakoni. Med denne konferansen ønskjer vi i tillegg til å styrka vårt lokale nettverk, laga ein nasjonal møteplass og å gje dei som kjem auka fagkunnskap og kompetanse, seier Vetle.

Dette er ikkje ein konkurrent til den årlege nasjonale diakonikonferansen som blir arrangert i Oslo. – Vi ønskjer å ha vår konferanse annakvart år, dei åra det ikkje er konferanse i Oslo. Helmuth Liessem, generalsekretær i Kirkens sosialtjeneste, er med i arrangementskomitéen for begge konferansane, seier Vetle.

– Tema i år er «verdighet». Det er eit ord som blir brukt i alle moglege samanhengar, men kvifor er dette så viktig og kva betyr det? Vi trur at mennesket sin «verdighet» er grunnleggjande, ikkje kan krenkast og ikkje kan erstattast av noko anna. Samstundes blir det ofte eit litt «stort» ord. Difor blir det viktig å snakka om det på ein måte som gjer det aktuelt og jordnært, seier diakonirådgjevaren.

Program

09.30 Registrering

10.00 Åpning

10.15 Kjell Nordstokke: «Verdighet – i lys av diakonien og teologien»

11.00 Pause

11.15 Knut Arild Hareide: «Menneskeverd og politikk»

12.00 Lunch

12.45 Hvilepuls

13.00 Gry Stålsett: «Krenkelsens dynamikk - fra skam til verdighet»

13.45 Pause med frukt og kaffe

14.00 Margreth Olin: «Fortellinger om verdighet»

15.30 Avslutning

16.00 Slutt

Det kan bli små justeringar i programmet.

Føredragshaldarar

Kjell Nordstokke: Styreleiar i Kirkens nødhjelp og Sjømannskirken. Tidlegare misjonær i Brasil, forstandar ved Diakonhjemmet og direktør for Det lutherske verdensforbund si avd. for misjon og utvikling.

Knut Arild Hareide: Stortingsrepresentant og leiar for KrF. Tidlegare organisasjonsdirektør m.m. i Schibsted.

Gry Stålsett: Tilsett ved Kildehuset, Modum bad og førsteamanuensis II i religionspsykologi ved Menighetsfaktultetet. 

Margreth Olin: Prisvinnande filmskapar. Har mellom anna laga desse dokumentarfilmane: "Dei mjuke hendene", "Fråtseri", "Kroppen min", Ungdommens råskap", "Engelen", "De andre". 


Pris og påmelding

Pris: Kr. 250,- inkl. lunsj. Påmelding innan 7. november til vke@kyrkja.no