Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Midlar til diakoni - utlysing

Det vert med dette lyst ut midlar til diakonstillingar og til innovasjon/programutvikling.

1. Diakonstillingar. Frist for søknad: 15. mai 2020.
2. Innovasjon/ programutvikling. Frist for søknad: 25. juni 2020 kl. 12.00.

Søknadar om midlar til diakonstillingar vert handsama av Bjørgvin bispedøme. Søknadar som midlar til innovasjon/ programutvikling vert handsama av Kyrkjerådet sentralt. Dei har kvar sin søknadsfrist. Sjå oversikta over og omformasjon om tilskota under.


1. Diakonstillingar. Frist for søknad: 15. mai 2020

Vi viser til budsjettet for Den norske kyrkja for 2020. I dette budsjettet har Bjørgvin bispedømeråd motteke tilskot på til saman kr. 1.190.000,- til «Satsing diakoni». Saka om fordeling skal opp i Bjørgvin bispedømeråd som eiga sak 3. juni 2020. Frist for å søke midlar er 15. mai 2020.

Kyrkjelydane kan søke midlar til diakonstillingar; heile eller halve stillingar. Kriteriet for å få stønad er at lokalt fellesråd/andre lokale instansar bidreg med minimum 50 % av driftstilskotet og at tilskotet er garantert for på søknadstidspunktet. Bjørgvin bispedøme vil ha eit tak på kr. 400.000,- per stilling.

Bjørgvin bispedømeråd vil på eige initiativ også kunne initiere prosjekt eller gje utjamning av støtte til eksisterande diakonstillingar av dei same midlane.
Dei som søkte om stønad for diakonstilling i 2019 må anten fornye sin søknad eller søke på nytt dersom premissane har endra seg sidan førre søknad.

Det vil styrke søknaden om ein gjer synleg kyrkja sitt samfunnsoppdrag og korleis noko av dette kan oppfyllast gjennom stillinga. Ta også med i søknaden om innovasjon og nyskaping vert vektlagd eller satsing mot utsette grupper vert løfta fram som sentralt for stillinga (til dømes born, unge, nye landsmenn/-kvinner, arbeidsledige, familiar, eldre o.l.). Det vil uansett vere viktig å gjere greie for kor stor stilling det vert søkt om midlar til, og kva for diakonale tiltak som er ønskeleg å realisere gjennom disse midlane.

Denne utlysinga inneber at alle fellesråd i Bjørgvin bispedøme vil kunne melde inn aktuelle stillingar/ tiltak og at det vert gjort tilsetting i stillingane så raskt som råd er.

Frist for innsending av søknad er 15. mai 2020. Søknad sendast på epost til: bjoergvin.bdr@kyrkja.no. Merk søknaden: «Søknad om stønad til diakonstilling 2020. Namn på fellesråd som søker.»

Bjørgvin bispedøme vil samstundes informere om at det ikkje er nokon prioritert liste pr. i dag over kven som skal få midlar til stilling ved denne tildelinga. Ei slik liste finst heller ikkje ved eventuelle omrokeringar på allereie tildelte statlege tilskot.

2. Innovasjon/ programutvikling. Frist for søknad: 25. juni 2020 kl. 12.00.

Vi viser til budsjettet for Den norske kyrkja for 2020. I dette budsjettet har Den norske kyrkja gitt kr. 500.000,- til innovasjon/ programutvikling innanfor diakonalt arbeid, i tillegg til midlar som eventuelt ikkje vert delt ut til digital diakoni.

Det er Kyrkjerådet som fattar endeleg avgjerd i saka basert på innkomne søknadar. Frist for å søke midlar er 25. juni 2020 kl. 12.00.

Midlane som vert lyst ut er til tidsavgrensa prosjekt og tiltak for innovasjon og programutvikling med tanke på vidareutvikling av det diakonale arbeidet i den lokale kyrkja.

Kven kan søke?

Kyrkjelyder i Den norske kyrkje (sokneråd, fellesråd, prosti), kyrkjelege fellesråd og andre aktørar i samarbeid med ein kyrkjelyd eller eit kyrkjeleg fellesråd. Bispedøma kan og søke i samarbeid med andre einingar, men kan ikkje stå som hovudsøkar. Privatpersonar kan ikkje søke.

Det vil bli gitt stønad til større prosjekt; frå kr. 100.000 - 500.000,-. Det vil bli lagt stor vekt på eigenandela i prosjekta, i form av økonomiske midlar, eigeninnsats og liknande. Stønaden vert utbetalt som eit eingongsbeløp, og prosjektet skal vere gjennomførd i løpet av to år frå søknaden er innvilga. Stønaden vert utbetalt innan (seinast) utgangen av desember 2020. Om det er fleire aktørar som arbeidar saman om prosjektet, vel de sjølve kva for organisasjonsnummer og kontonummer som skal nyttast til utbetaling av stønad, men begge nummera må høyre til same aktør/søkar.

Desse områda vil verte prioriterte ved tildelinga:

  • Nytenkning med tanke på frivillighet i diakonien
  • Samskaping knytt til diakonale utfordringar

Søknaden bør ta føre seg korleis prosjekta er tenkt ført vidare etter prosjektperioden.

Kriterier for å ta i mot støtte:

  • Prosjektet/tiltaket vidareutviklar det diakonale arbeidet i Den norske kyrkja
  • Søkar forpliktar seg på å levere sluttrapport med evaluering og rekneskap om gjennomføring og økonomi.
  • Prosjekta som vert tildelt midlar skal kunne bli gjort offentleg og bli delt på Kyrkjerådet sine ulike og eigna kommunikasjonsplattformar.
  • Det vil ikkje bli gjeve prosjektmidlar til drift utover prosjektperioden.
  • Det vil ikkje bli gjeve stønad til faste lønnsmidlar

Meir informasjon om midlane
Rettleiing i samband med søknad

Klikk her for å søke på midlar til innovasjon/ programutvikling

Søknadsfrist 25. juni 2020 kl. 12.00. Innvilga søknadar vert gjort kjend innan 1. oktober 2020. For andre aktuelle støtteordningar, sjå: www.kirken.no/stotte.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"