Egyptseminar med biskop Thomas og Eyvind Skeie

Høyr førelesing med biskop Thomas frå Egypt om "Luther sett med ortodokse augo". Eyvind Skeie fortel om "Kva eg fann i Egypt".

Seminaret som blir halde i Johanneskirken fredag 27. oktober kl. 12.00 - ca 14.30 blir opna av biskop Halvor Nordhaug. Det blir tid til spørsmål og samtale etter kvar føredrag.

Biskop Thomas frå den koptiske kyrkja i Egypt er Norges-ven og mangeårig partner for Stefanusalliansen. Hans modige arbeid vekkjer oppsikt. No kjem biskopens refleksjonar i bokform, ført i pennen av Eyvind Skeie. I boka «I kjærlighetens sirkel» (Luther forlag) løfter biskopen opp fattige unggutar og krenka kvinner. Han fortel om krossens teologi og livet i ei levande kyrkje under press. Møt ein som veit kva kamp er. 

Gratis inngang

Arrangør er Stefanusalliansen og Bjørgvin bispedøme. 

Fredag kveld kl. 19.00 er det kveldsmøte med biskop Thomas og Eyvind Skeie i Skjold kirke. 

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30