Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Fagdagar trusopplæring 2018

Fagdagane for alle som jobbar med trusopplæring i Bjørgvin bispedøme tek oss med på oppdaging i kyrkjerommet, møte med "Tweens", lar oss leika oss til kunnskap om trua og vil gje oss inspirasjon og frimod til planarbeid. Bli med 11. - 12. juni i Bergen.

Mandag 11. juni 12-17 i St.Jakob kirke

kl. 12.00: Kaffi, te, frukt

kl. 12.30 startar programmet. Rekkefølgje og tider er ikkje endeleg avklart enno.

"Tweens"

Ingeborg Ørjasæter er rådgjevar  i Blå kors. Ho har halde mange kurs landet rundt om tweens, og er no med oss i Bergen.

"Sansen for det hellige"  Oppdag kyrkjerommet med alle sansar.

Rådegjevarane for undervisning, trusopplæring og kultur i Stavanger bispedøme har laga ei fantastisk bok på IKO-forlaget som kan hjelpe oss med praktiske øvingar i å bruke kyrkjerommet på ein endå betre måte. Vi får besøk av Gunn Heidi Dybdahl og Cecilie Pedersen.

Link til boka på IKO

Video frå lanseringa av boka Sansen for det hellige

Vi er ferdige kl 17, slik at dei som vil kan verd med på KUFO si generalforsamling

Tirsdag 12. juni kl. 09.00 - 15.45 i Salem konferansenter, Sigurdsgate 6

Leiken i trusopplæringa.

Bård Hallesby Norheim, NLA vil ta oss med inn i ein grunnleggjande måte å tenke på. ( NB; fare for leik i praksis)

Vi vil ha ein god lunsj og deretter fortsette med :

"Planarbeid -no igjen ? " 

Gode praksisforteljingar, gruppearbeid, alt som kan gjere oss endå betre rusta til å gå hausten i møte med frimodod og arbeidslyst.

 

Avslutning innan kl. 15.45

Det går an å vere med berre ein av dagane, Viss du berre er med mandag treng du ikkje melde deg på.  De som har lang reiseveg og bruk for overnatting, ta kontakt med oss.

Sverre Johan Nærheim, sn629@kirken.no tlf 93489526

Torfinn Wang, tw657@kirken.no tlf 98126125