Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Det kan bli fleire lister ved bispedømerådsvalet i Bjørgvin

Den 9. september 2019 er det val til sokneråd og bispedømeråd/Kyrkjemøtet. I alle sokn og bispedøme blir det minst ei liste, sett saman av nominasjonskomitéar. Det er også mogeleg for andre å stille lister. Nytt i år er at «nomineringsgrupper» som ønskjer å stille eigne lister til bispedømerådsvalet, kan søkja om økonomisk stønad.

Ved bispedømerådsvalet i Bjørgvin i 2015 var det berre ei liste. Kandidatane på denne lista representerte til dels ulike kyrkjepolitiske syn og veljarane kunne kryssa av for dei kandidatane dei helst ville ha inn. Dersom det ved valet i 2019 i tillegg til nominasjonskomiéen si liste blir lister frå nomineringsgrupper, vil kandidatane på desse listene stå bak det som blir presentert som lista sitt syn, slik vi er vande med frå andre politiske val. Nominasjonskomitéen si liste skal derimot vera ei liste med ulike kandidatar som representerer ulike syn.

Økonomisk stønad

Kyrkjerådet skal gje økonomisk stønad til registrerte nomineringsgrupper - ved val av bispedømeråd/Kyrkjemøtet - i form av både intensjonsstønad og listestønad. Intensjonsstønaden har som føremål å setje registrerte nomineringsgrupper i stand til å stille lister ved valet til bispedømeråd og Kyrkjemøtet. Listestønaden skal setje registrerte nomineringsgrupper i stand til å informere veljarane om sine standpunkt i aktuelle kyrkjelege spørsmål. Les meir om dette i kyrkjevalreglane § 6-5.

Grupper som vil ha stønad, må registrerast

For at ei nomineringsgruppe skal motta stønad, må den registrerast som ei nomineringsgruppe av Kyrkjerådet. Før det må nomineringsgruppa registrerast i Einingsregisteret og tildelast eit eige organisasjonsnummer. Det er også krav om ei erklæring frå minst 300 personar med stemmerett ved val av leke medlemer til bispedømeråd og Kyrkjemøtet, om at dei ønskjer at gruppenamnet blir registrert. Les meir om dette i kyrkjevalreglane § 6-4.

Fristen for å registrere nomineringsgrupper som skal motta økonomisk stønad er 2. januar 2019.

Det er også mogeleg å stilla lister til bispedømerådsvalet utan å søkja om stønad.

Nominasjonskomiteen si liste

Nominasjonskomitéen for bispedømerådsvalet består av ein medlem frå kvart prosti i bispedømet etter avstemming i eit valmøte der kvart sokneråd sender sin representant, i tillegg til ein medlem oppnemnt av ungdomsrådet.  Sokneråda kan senda inn framlegg til kandidatar på nominasjonskomiteen si liste innan 1. mars 2019.

Krav til kandidatane

Listeforslag ved val av bispedømeråd og Kyrkjemøtet skal innehalde minst 40 prosent kandidatar av kvart kjønn, minst 20 prosent kandidatar under 30 år og kandidatar frå minst tre prosti i bispedømet.

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30