Flyktningane kjem - kva gjer kyrkja med det?

Bjørgvin bispedømeråd inviterer til fagseminar om kyrkja og flyktningane 21. oktober 2015 i Bergen.

På eit ope fagseminar om kyrkja og flyktningane vil vi drøfte utfordringane med flyktningesituasjonen og korleis vi møter desse. Kva gjer kyrkja for å kome flyktningane i møte på ein god måte? Det vil mellom anna bli presentert døme på godt arbeid lokalt.

Gjester:

Biskop Halvor Nordhaug,
Halwan Ibrahim, assisterande region-direktør, IMDI Vest,
Dora Poni Loro,leiar EMPO/Kirkens Bymisjon Bergen,
Marianne B. Gammelsæter, dagleg leiar, Kirkelig dialogsenter Bergen,
Åsta Årøen, Årstad menighet m.fl.

Dagen er for kyrkjelege og offentlege tilsette og andre interesserte.

Dato: 21. oktober 2015 kl. 09.30—15.00. Pris : Gratis

Stad: Bryggen museum, Dreggsalm. 3. 

Påmelding med namn, arbeidsstad, mobilnr. og email til: vke@kirken.no. Frist for påmelding: 9. oktober 2015. Begrensa plass.

For tilsette i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane fylkeskommune og Frivillighet Norge arrangerer dag om inkludering laurdag 24. oktober 2015

kl. 10.00–15.00, Storehagen Atrium, Førde. Dialogkonferansen  er staden for å vere kreative. Vi set oss saman for å finne nye måtar å samarbeide på. Bli inspirert av komikar Shabana Rehman og representantar frå ulike organisasjonar i fylket.  

Sjølv om kyrkja ikkje er med som arrangør av dagen oppmodar vi så mange som mogleg til å ta del. Dette blir ein viktig dag – eit startskot for betre samarbeid i Sogn og Fjordane til beste for flyktningane, lokalsamfunnet og fylket.  

Bispemøtet i Den norske kyrkja seier at no blir heile Europa testa på styrken i våre verdiar om alle menneske sitt verd og rettar. Det er ein prøve på våre humanistiske verdiar.  Sjå lenke nedst på sida.

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30