96 kandidatar er foreslått til ny biskop i Bjørgvin

– Vi er glade for at så mange engasjerer seg i kven som bør bli ny biskop i kyrkja her i Bjørgvin. No tek bispedømerådet til med eit spennande arbeid med å vurdere kven vi meiner kan bli ein god biskop, seier bispedømerådsleiar i Bjørgvin, Vemund Atle Øiestad.

Bispedømerådsleiar Vemund Atle Øiestad ser fram til arbeidet med å finna fem kandidatar til å bli ny biskop i Bjørgvin.

Det har vore ope for alle som ønskjer det å foreslå namn på personar dei meiner bør bli biskop i Bjørgvin. Det har kome inn forslag på til saman 96 ulike namn på personar som kvalifiserer til å kunna bli biskop. Dei fleste namna har kome inn via eit digitalt skjema på nettet, anonymt.

Eigenskapar

Bispedømerådet har også bede forslagsstillarane seie noko om kva eigenskapar dei meiner er viktige hos ein ny biskop i Bjørgvin. Blant dei eigenskapane som flest la vekt på, finn vi «gode leiareigenskapar», «flink i møte med menneske», «dyktig teolog», «god til å formidle evangeliet i folkekyrkja» og «evne til å kommunisere i det offentlege rom».

Sokneråd og tilsette har fått invitasjon til å foreslå kandidatar. I tillegg har eit digitalt skjema og invitasjon vore ope tilgjengeleg på nettsida til Bjørgvin bispedømeråd og kunngjort i ulike kanalar.

Skal enda opp med fem kandidatar

Bjørgvin bispedømeråd kan bruke forslaga som har kome inn, men står også fritt til å spørje andre dei ønskjer som kandidatar. Den 18. november skal rådet ha klar fem kandidatar.

Du kan lese om prosessen fram mot ny biskop her 

Biskopen må vere teolog og medlem av Den norske kyrkja. På lista nedanfor står namn på kandidatar som er kvalifiserte i alfabetisk rekkefølgje.  Dei vil bli spurde om dei er villige til å vere med vidare i prosessen fram mot ein eventuell nominasjon frå bispedømerådet.

Kandidatar foreslått som ny biskop i Bjørgvin

(Lista er basert på innkomne forslag og kan innehalda skrivefeil. Noverande stilling til dei som står på lista kan også ha endra seg.)

Fullstendig liste finn du også nedst på sida

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"