Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Teser i tida - frukostmøta flyttar til Johanneskirken

Kvar onsdag morgon kl. 08.00 er det ope frukosmøte for alle som vil høyra den nyaste tesen bli presentert og diskutert. No flyttar desse møta til Café a Cappella i Johanneskirken.

Teser i tida publiserer ein ny tese kvar fredag på eit lerret på tårnet til Johanneskirken. Den påfølgjande onsdagen blir tesen forklart og forsvart på eit frukostmøte. Prosjektet går fram til 1. november, og fleire av tesene som blir presentert i oktober kjem frå professorar og studentar ved Universitetet i Bergen.

Tesene blir også presenterte på facebook, sjå lenke nedst på sida.

Café a Cappella ligg i Johanneskirkens gamle kapell og har inngang på baksida (sørsida) av kyrkja.

Ta gjerne med eigen frukost, Lutherfrokost kan kjøpast hos Godt brød, Vestre torggaten 2. Frukostmøtet varer fram til kl. 08.45.