Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Gud bryr seg

Om lag 200 menneske var samla den 20. november til Bjørgvin diakonikonferanse som blir arrangert for første gong. – Diakoni er å tru at Gud bryr seg, og det nyttar for oss  å bry oss om vår neste, sa første foredragshaldar, Kjell Nordstokke.

- Det er nokon som seier at diakoni er lettare gjort enn sagt, sa Kjell Nordstokke, som er professor em. i diakoni. Han prøvde likevel å forklara av kva impulsar det er som driv menneske til å praktisera diakoni:

  • Gud bryr seg! Gud bryr seg om meg og om min neste.
  • Min neste som er i naud, utfordrar meg: Kven er min neste, kven er det eg er kalla til å vera ein neste for?
  • Vår overbevisning er at det har meining å gjera noko - det gjer ein forskjell å bry seg om eit menneske som har det vanskeleg.

Nordstokke talte vidare om "Verdighet - i lys av diakonien og teologien". - Verdighet er ikkje eit bibelsk omgrep, sa professoren, men han knytta det til verdi og poengterte at vi må skilla mellom salgsverdi og omsorgsverdi. - Mennesket har verdi i relsjonen til Gud, sa Nordstokke som slo eit slag for det han kalte det diakonale sporet: Å blomstre som menneske så lenge ein lever.

Dei andre talarane på konferansen var Geir J. Bekkevold, stortingsrepresentant for Kr.f som stilte opp då partileiar Knut Arild Hareide måtte melda forfall, Gry Stålsett frå Modum bad og filmskapar Margreth Olin. For omtalet av desse foredraga, sjå lenke til BKF sine nettsider nedst på sida.

Konferansen vart arrangert at "Diakoni i Bjørgvin", eit uformelt nettverk for leiarar av diakonale organisasjonar, institusjonar, kyrkjelydar og diakonale tiltak i Bjørgvin.

- Denne konferansen var viktig først og fremst på grunn av temaet. Å ha eit vedvarende sterkt fokus på menneskeverd og korleis forskjellige møte mellom menneske påverkar oss, er alltid viktig, seier Rollaug Waaler som er forstandarinne ved Stiftelsen Bergen diakonissehjem og ein av initiativtakarane til konferansen. - Ein av dei viktigaste oppgåvene til ein dikoniarbeidar er å våga å være ei stemme for dei svake i samfunnet.  Margreth Olin sitt innlegg var nok det sterkaste med denne vinklinga og det var både godt og smertefullt å lytte til skildringa av arbeidet bak dei ulike filmproduksjonane hennar. Viktig var det også å få i stand ein diakonikonferanse i Bergen og å få til eit godt samarbeid mellom alle aktørar innan diakoni i vår region, seier Waaler som lovar at samarbeidet held fram med jamlege frokostmøte på Haraldsplass og truleg også fleire diakonikonferansar i Bergen.

Deltakarane på konferansen kom frå bl.a. kyrkjelydar i Den norske kyrkja, Kirkens sosialtjeneste, Frelsesarmeen, Haraldsplass, Betanien, Kirkens nødhjelp, Kirkens SOS, Døves menighet, NMS, Salem nærmiljøsenter, Sjømannskirken, Kirkens bymisjon, Familiesenteret i Bergen, Stiftelsen Sesam, Home start og i tillegg ei rekkje enkeltpersonar.