Beredskap mot grenseoverskridande åtferd og overgrep

Den norske kyrkja har nulltoleranse for grenseoverskridande åtferd og overgrep. Det er laga ein handlingsplan for Bjørgvin bispedømeråd ved mistanke eller klage mot arbeidstakar om seksuelle overgrep.

Handlingsplanen og lokal beredskapsplan finn du link til nedst på sida. Her ligg også hjelp til førebygging av grenseoverskridande åtferd vedkomande uløna medarbeidarar.

Biskopen sitt fagetiske råd vert kontakta når ei sak vert meld. Her sit advokat Beate Hamre, psykolog Unndis Bergås og prest Morten Lystrup.

Bjørgvin bispedøme har to personar som ein kan ta kontakt med dersom ein har vore utsett for grenseoverskridande åtferd eller seksuelle overgrep:
Hordaland: Tone Sævi, mobil: 92 68 81 16
Sogn og Fjordane: Anne Stubdal, mobil: 41 67 55 53

Kontaktpersonane kan kontaktast anonymt, dei arbeider uavhengig og går ikkje vidare med opplysingane før ein eventuelt er einige om å gjere det. Kontaktpersonane kan kontaktast av den som har ei oppleving av grenseoverskridande seksuell åtferd frå ein kyrkjeleg medarbeidar. Dersom ein ønskjer å drøfte utfordringar og problemstillingar knytta til eit mogleg overgrep, kan ein òg ta kontakt med desse to.

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30